– Ta det med ro! Eg vil ha begge lårhalsane med heim igjen!
Kva er det som får haugevis av seniorar på Osterøy til å gå saman kvar veke, i pøsregn og sol, vind og sno, sørpe og tåke?
Written by: John Petter Nordbø
Allereie 20 minutt før start er parkeringsplassen ved Hjellvik bedehus nesten full. 40 seniorar er turklare ein heilt vanleg onsdag i oktober.
– Velkommen!
Turleiar Åge Slettebakken kjem bort med det same, håndhelsar og ønskjer oss hjarteleg velkomne til Osterøy.
Sekken er pakka. Fjellskorne er på. Alle frammøtte blir notert på eit ark med telefonnummer. Her skal ingen komma bort undervegs.
Turen går til garden Tirevoll og Tirevollsfjellet. Turleiar Karstein Tvedt har lese seg opp. I handa har han eit håndskrive notat om turmålet.
Seniorturar
- Osterøy turlag har seniorturar kvar onsdag gjennom store delar av året. Turane går til ulike turmål over heile øya, er gratis og utan påmelding.
- Ei rekkje av våre 17 lokale turlag har også dagsturar for seniorar.
- Finn din nærmaste tur i vår aktivitetskalender for seniorar.
Han klappar i hendene, ønskjer kort velkommen og avslører at planen er å gå motsett veg frå førre gong turmålet sto på planen.
– Det er glatt i dag. Ned må me uansett, men eg trur det blir litt enklare å gå ned andre vegen, seier han.
På lette bein set Tvedt i marsj heilt først. På lang rekke går me nokre hundre meter langs vegen, før det ber inn i skogen på ein særs gjørmete traktorveg.
– Der er du igjen!
Eit slør av gårsdagens voldsomme regnvêr heng igjen i trea i form av eit lett skoddeteppe. Me er nedst i ein mørk dal med store grantre på alle sider. Men det ligg ei forventning om varm haustsol i lufta.
Blant dei første i rekkene er Astri Øystese. Ho har komme heilt frå Fana for å gå med Osterøy-gjengen.
– Eg har blitt så godt tatt imot! seier ho.
Øystese går mykje tur, og gjennom Fjelltoppjakten har ho funne fram til stadig nye turområde. Som pensjonist har Øystese høve til å gå tur på dagtid, og såg at Osterøy turlag delte spennande turar på Facebook. «Kvifor ikkje?», tenkte ho, og reiste åleine til Nord-Europas største innlandsøy for å vera med. Det blei suksess.
– «Hei, er du der igjen!», var det første dei sa då eg kom tilbake. Og då eg ikkje kom, blei eg sakna, seier ho smilande.
Turleiarane har til og med hengt opp ein blå ballong i ein kross for å sikra at ho skulle finna vegen til rett parkeringsplass.
Stien går oppover. Éin lang bakke gjennom tett granskog. Praten går om laust og fast innimellom pustinga. Så kjem solstrålene inn mellom dei mosedekte trestammane, og badar turfølgjet i varmt ljos.
– Heilt magisk!
Solrik gard med historie
Og med eitt er me ute av den tronge skogen. Den gamle garden Tirevoll trer fram. Me kviler augo på den vesle kvitmalte stova og det imponerande fjøset, med lødd steinmur over heile gavlveggen og brakjekledning på tradisjonelt Osterøy-vis. Einerkvistar er tredd tett i tett mellom stokkane for å laga ein jamn, luftig og tett vegg.
Kokte egg, smurte skiver, blanke termosar og sitjeplater kjem fram frå sekkane. Her sit me på historisk grunn. Den første brukaren er registrert i 1610. Karstein har funne fram hugselappen:
– Her fann dei ein lun og solrik plass med rikeleg med vedaskog.
Sola har brote heilt gjennom, og varmar på veg oppover ryggen til Tirevollsfjellet. Her er det ingen planta granskog. I staden er det varmekjære lauvtre og krokete furutre som dominerer. 10 bratte høgdemeter seinare, og me er oppe på sjølve fjellet. Utsikten i alle retningar er formidabel: Gullfjellet, Knarvik, Osterfjorden, Åsane og mykje meir.
– Det har eigentleg vore mykje folk med heilt frå starten. Spesielt på desse seniorturane, sier Ole Johan Faugstad, som har vore med i Osterøy turlag sidan starten for 12 år sidan.
Sleip sti nedover
No er det klart for «cruxet» på turen, det klart vanskelegaste. Me skal ned nesten 300 høgdemeter på glatte røter, sleipe steinar og oktoberblaut sti.
– Ta det med ro! Eg skal ha begge lårhalsane med heim igjen, kjem det blidt frå rekkja bak oss.
Følgjet stoggar i botn av ein spesielt bratt bakke, med eit ålesleipt berg å forsera.
– Me må stoppa her, så eg kan telja kor mange skadde det er, seier turleiar Tvedt galgenhumoristisk.
Alle blir talt opp. Alle skal med.
Alle snakkar med alle
– Det er så rart på desse turane. Me snakkar jo med alle. Ei stund så går eg med deg, og i neste stund går eg med ein annan. Praten går heile tida, seier ei av damene midt i ein samtale.
Me kjem oss ned alle som ein. Alle lårhalsane er heile. Godkjensla som kjem etter litt fysisk aktivitet er på plass. Mange gode samtalar er gjort.
Alle klappar for kvarandre på parkeringsplassen, og «sjåast neste veke» blir mumla på veg inn i bilane.
Kanskje er det så enkelt?
Går turen sjølv
See also