Ny sikringshytte på Holmaskjer
Eit viktig steg for tryggleiken.
Written by: Anne Kari Enes
Ei lita og funksjonell hytte
Den nye sikringshytta er ei kompakt og lettdriven eining på 15 m², med seks soveplassar i køyesenger, enkel kjøkenbenk med gasskomfyr, spiseplass og hems med madrassar. Ho har solcelleanlegg og LED-lys. Hytta vart prefabrikkert av Lyngstad Bygg, flogen inn og satt opp våren 2026.
Ein lang prosess
Arbeidet med å få på plass ei eiga sikringshytte ved Holmaskjer, har vore ein lang og grundig prosess. Den eksisterande hytta ligg 1565 moh., på eit skjer omkransa av breen i Folgefonna nasjonalpark. Med aukande trafikk av både dagsturistar og overnattingsgjester, og ei plassering midt i vêrharde omgjevnader, har behovet for betre tryggleik og funksjonelle løysingar meldt seg tydeleg. Odda Ullensvang Turlag eig og driftar hytta.
Initiativet kom frå hyttetilsynet og leiar i turlaget, Håvard Apold. I dialog med Nasjonalparkstyret vart behovet for sikringshytte og oppgradering av eksisterande bygg drøfta, med særleg vekt på tryggleik og sanitærløysingar. Sjølv om dialogen har vore god, har prosessen vore både lang og detaljert.
Frå godkjenning til omgjering
Første søknad om sikringshytte vart sendt i november 2023. Nasjonalparkstyret godkjende planen i 2024, men Miljødirektoratet omgjorde vedtaket og opna ikkje for dispensasjon slik hytta då var planlagt. Prosjektgruppa reviderte teikningane, reduserte arealet til 30 m² og tok ut toalettløysinga før ny søknad vart sendt seinhausten 2024. Også denne gongen sa Nasjonalparkstyret ja, men i 2025 kom endeleg vedtak frå Miljødirektoratet: Hytta kan byggjast, men med eit totalt areal på 15 m².
Parallelt fekk prosjektet byggjeløyve frå Ullensvang kommune i august 2025. I oktober starta arbeidet med støyping av fundament. Ein føresetnad er at dagens vedbod/do vert rive innan fem år, noko som krev ny sanitærløysing og ombygging av hovudhytta i ein seinare fase.
Prosjektet er fullfinansiert gjennom bidrag frå fleire stiftingar og tippemidlar. Med byggjestart i 2025 og ferdigstilling våren 2026 er eit viktig tryggleikstiltak på Holmaskjer seg realisering – til glede og tryggleik for framtidige fonnfararar.
See also