Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Stor deltaking på naturmarsj mot monstermaster

260 personar var med på naturmarsjen mot monstermaster i Nordhordland.

Published: October 27, 2026
News
Naturmarsj mot høgspentmaster på Holsnøy, 25. oktober 2026.
Mange vart med på naturmarsjen mot monstermaster i Alver sist sundag. Photo: Thorbjørn Kaland

Ei marsj med meining

Naturmarsjen gjekk sist sundag 25. oktober frå Ådland til foten av Eldsfjellet, gjennom eit av dei største og viktigaste natur- og friluftsområda på Holsnøy. Bakgrunnen var Statnett sitt framlegg til trasé 1.0 for ei ny 420 kV-kraftlinje frå Samnanger via Vaksdal, Osterøy og Alver til Øygarden. Dersom traseen blir vald, vil kraftlinja gå gjennom fleire verdifulle skog-, fjell- og kystområde i Nordhordland.

Ved oppmøtet på Ådland var det kafésal i kulturlandskapet kring gardstunet. Her heldt Turlaget, grunneigarar og politikarar appellar før turfølgjet la i veg dei tre kilometrane langs Storavatnet, gjennom furukledde åsar og natur med villmarkspreg. Langs ruta kunne deltakarane lesa om restaurering av kystlynghei og naturverdiane i området.

Dag Sandvik, naturvernansvarleg i Bergen og Hordaland Turlag, var med på naturmarsjen.

– Dette området er rikt på naturopplevingar som er viktige å dela. Me ville visa avgjerdstakarane at mange bryr seg om naturområdet, og at det må leggjast stor vekt på naturverdiane når ein skal avgjera kva ein skal gjera med straumnettet i regionen, seier Sandvik.

Naturmarsjen var organisert av Nordhordland Turlag, Naturvernforbundet i Nordhordland, Folkeaksjonen nei til Monstermaster og Bergen og Hordaland Turlag.

Uroa for konsekvensane

Kraftmaster, ryddegater og anleggsvegar kan få store negative konsekvensar for naturmangfaldet og friluftslivet. Inngrepa kan dela opp samanhengande naturområde, påverka leveområda til dyr og fuglar og redusera naturopplevinga.

Den føreslåtte traseen vil råka ni kartlagde friluftslivsområde med svært høg verdi, fleire merkte turruter og eit statleg sikra friluftslivsområde. Han kjem òg nær Herdla naturreservat og fuglefredingsområde.

Bergen og Hordaland Turlag meiner NVE må krevja utgreiing av fleire alternativ for å kunna vurdera mindre naturskadelege løysingar. Turlaget ønskjer at dei to eksisterande linjene mellom Samnanger og Øygarden blir oppgraderte, saman med ein debatt om kor mykje nytt straumforbruk ein skal tillata.

Eit anna alternativ er traséen Turlaget har føreslått saman med Naturvernforbundet. Denne følgjer i stor grad eksisterande linjer og har eit lengre strekk i fjord, slik at nye naturområde blir skåna for inngrep.

For mange handlar dette om meir enn kvar ei kraftlinje skal gå. Det handlar om kva natur me ønskjer å ta vare på for framtidige generasjonar. Her kan du sjå kvar den planlagde traseen kan gå (den raude streken).

Kva skjer vidare?

– NVE har enno ikkje fastsett endeleg utgreiingsprogram, men har bede Statnett leggja fram grunnlag for eit nytt sørleg alternativ, «Bergensalternativet». Deretter skal Statnett leggja fram alternativa med konsekvensutgreiing på høyring. Det vil ta mange år før linja eventuelt blir bygd, avsluttar Sandvik.

Share article:
Share via email

See also

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget