«Kan alle få straum til alt?»
Me må ta handa på rattet og spørja kva straumen skal brukast til, ikkje berre ta utgangspunkt i eit stadig aukande straumbehov, skriv naturvernansvarleg Dag Sandvik i Bergen og Hordaland Turlag etter eit folkemøte om høgspentmaster i Alver.
Written by: Dag Sandvik
Onsdag 25. november heldt eg appell på vegner av Bergen og Hordaland Turlag på eit folkemøte om ny høgspentlinje i Alver. Medan eg lytta til dei andre innleiarane innsåg eg at hovudpoenget mitt – at samfunnet må ta betre styring over kraftsystemet vårt – var endå meir relevant eg hadde trudd då eg skriev appellen.
Vil byggja gasskraftverk til datasenter
Einar Vaage forklara at Greenspot Mongstad manglar straum, om lag 5 megawatt til å produsera eigen nitrogen og mange fleire megawatt til anna industriutvikling. Samstundes går det mange hundre megawatt rett forbi dei og ut til oljeplattformane, slik at oljenæringa ikkje skal bruka fossil energi til å pumpe opp olje og gass.
På grunn av straummangel, planlegg Greenspot no å bygge eit gasskraftverk på land for å få nok straum til eit nytt datasenter. Om ikkje det er eit interessant paradoks, så veit ikkje eg.
Statnett på si side planlegg ei ny høgspentlinje gjennom 70 km med urørt natur, svært viktige friluftslivsområde, og leveområde for fugl. Linja skal forsyne Mongstad og anna industri, men og ei rekke datasenter som er i tilknytningskø. Isak Lekve frå DeFacto viste oss at datasenter på få år kan sluke alt kraftoverskot Noreg har.
Mykje natur står på spel
Kan me byrje å diskutere kva me skal nytte straumen til, og kva forbruk som er verd dei naturøydeleggingane som energiutbygging ofte medfører?
Turlaget har teke på seg å vere ei stemme for naturen. For naturen som gir oss utsikta som tek pusten frå oss, men også den vesle pausen i kvardagen - under eit tre eller nede ved vatnet. Difor engasjerer me oss i energipolitikken.
Ein ny rapport laga for DNT viser at 870 km² natur er planlagt bygd ned til energitiltak. 140 km² er knytt til nettanlegg. Store areal med viktige og svært viktige friluftslivsområde står også i fare for å bli bygde ned.
Den planlagde nye kraftlinja i Bergensregionen er eitt døme. Ho vil råke ni kartlagde friluftslivsområde med svært høg verdi.
Landskap som i dag gir menneske tilgang til natur, stillheit og friluftsliv nær heimen, vil bli påverka av inngrep og støy.
Må diskutera kva straumen skal brukast til
Dette har også ein samfunnsverdi. Nærnaturen er den naturen me brukar mest, og tilgang til natur og stillheit er viktig for både fysisk og psykisk helse. Dette er dokumentert i fleire robuste studiar. Når kostnadene knytte til psykiske lidingar i Noreg er rekna til om lag 450 milliardar kroner årleg, bør verdien av å ta vare på nærnaturen få større plass i samfunnsrekneskapen.
Difor må me våge å diskutere kva straumen skal brukast til.
Det er anslått at det går om lag 1,5 TWh straum årleg til utvinning av kryptovaluta i Noreg. Til samanlikning produserer Storheia og Roan, vindkraftverka på Fosen som vart dømt lovstridige i høgsterett, rundt 1,7 TWh i eit normalår.
Samanlikninga illustrerer eit viktig spørsmål: Kva skal me prioritere den avgrensa krafta og naturen vår til?
I dag tek me utgangspunkt i eit stadig aukande straumbehov og spør korleis me skal skaffe nok kraft og nett. Me må snu spørsmålet:
Kor mykje kraft og natur har me til rådvelde, og kva samfunnsføremål skal få prioritet?
Det finst inga enkel løysing. Men dersom me vil ta vare på vestlandsnaturen, kjem me ikkje utanom dei vanskelege prioriteringane. Me kan ha handa på rattet. Eller me kan bli med dit straumen tek oss.
Som medlem i turlaget støtter du arbeidet vårt for å ta vare på naturen vår på Vestlandet.
See also