Bli med på naturmarsj mot høgspentmaster på Holsnøy
Saman vil vi vise fram dei verdifulle natur- og friluftsområda som kan bli råka av Statnett sine kraftlinjeplanar.
Store natur- og friluftsverdiar
Søndag 25. oktober inviterer Nordhordland Turlag, Naturvernforbundet i Nordhordland og Folkeaksjonen nei til Monstermaster og Bergen og Hordaland Turlag til naturmarsj på Holsnøy. Målet er å vise fram dei store natur- og friluftsverdiane som står på spel dersom Statnett sin føreslåtte kraftlinjetrasé gjennom området blir realisert.
Naturmarsjen går frå Ådland til foten av Eldsfjellet, gjennom eit av dei største og viktigaste natur- og friluftsområda på Holsnøy. Den om lag 5,5 kilometer lange turen byr på både vakre naturopplevingar og eit nært møte med områda som kan bli påverka av den planlagde 420 kV-kraftlinja mellom Samnanger og Øygarden.
Eit landskap som står i fare for å bli endra
Bakgrunnen for naturmarsjen er Statnett sitt framlegg til trasé 1.0 for ei ny 420 kV-kraftlinje frå Samnanger via Vaksdal, Osterøy og Alver til Øygarden. Dersom denne traseen blir vald, vil kraftlinja gå gjennom fleire verdifulle skog-, fjell- og kystområde i Nordhordland.
Bergen og Hordaland Turlag er uroa for konsekvensane store kraftmaster, ryddegater og anleggsvegar kan få for naturmangfaldet og friluftslivet. Slike inngrep kan dele opp samanhengande naturområde, påverke leveområda til dyr og fuglar og redusere opplevinga av natur som i dag er lite prega av tekniske inngrep.
Den føreslåtte traseen vil råke ni kartlagde friluftslivsområde med svært høg verdi, fleire merkte turruter og eit statleg sikra friluftslivsområde. Han kjem også nær Herdla naturreservat og fuglefredingsområde. For mange er dette meir enn eit spørsmål om kvar ei kraftlinje skal gå. Det handlar om kva slags natur vi ønskjer å ta vare på for framtidige generasjonar.
Bli med på ei vandring for naturen og fellesskapet
Naturmarsjen er ei oppmoding om å engasjere seg, men også ein invitasjon til å oppleve naturen med eigne auge. For det er noko eige med å stå midt i landskapet som er oppe til diskusjon. Ved å delta kan du vere med på å synleggjere kor mykje desse områda betyr for friluftslivet, naturmangfaldet og menneska som brukar dei.
Me oppmodar alle som er glade i naturen, til å bli med! Ta gjerne med vener, familie eller turkameratar. Saman kan vi vise at dei store, samanhengande naturområda våre er verdifulle og verdt å kjempe for.
Praktisk informasjon
- Når: Søndag 25. oktober 2026, oppmøte Flatøy terminal kl. 11.30
- Turrute: Ådland–Storavatnet–Eldsfjellet parkering
- Lengd: Om lag 5,5 kilometer
- Turtid: Om lag 1,5–2,5 timar
- Retur: Bussar frå Eldsfjellet parkering til Flatøy terminal frå kl. 14.30
- Pris: Gratis
- Utstyr: Ta på gode tursko og kle deg etter vêret.
Les meir og meld deg på her
Søndag 25. oktober inviterer Bergen og Hordaland Turlag, Nordhordland Turlag, Naturvernforbundet i Nordhordland og Folkeaksjonen nei til Monstermaster til naturmarsj på Holsnøy. Målet er å vise fram dei store natur- og friluftsverdiane som står på spel dersom Statnett sin føreslåtte kraftlinjetrasé gjennom området blir realisert. Me håpar mange vil ta beina fatt og bli med på markeringa.
På Holsnøy ligg eit vakkert og viktig landskap med opne lyngheier, gammel furuskog, stille vatn og stiar som har vore brukte gjennom generasjonar. Sundag 25. oktober kan du bli med på ei vandring gjennom dette særmerkte landskapet, og samtidig vise at naturen har mange som vil ta vare på han.
Naturmarsjen går frå Ådland til foten av Eldsfjellet, gjennom eit av dei største og viktigaste natur- og friluftsområda på Holsnøy. Den om lag 5,5 kilometer lange turen byr på både vakre naturopplevingar og eit nært møte med områda som kan bli påverka av den planlagde 420 kV-kraftlinja mellom Samnanger og Øygarden.
Eit landskap som står i fare for å bli endra
Bakgrunnen for naturmarsjen er Statnett sitt framlegg til trasé 1.0 for ei ny 420 kV-kraftlinje frå Samnanger via Vaksdal, Osterøy og Alver til Øygarden.
Dersom denne traseen blir vald, vil kraftlinja gå gjennom fleire verdifulle skog-, fjell- og kystområde i Nordhordland.
Me er uroa for konsekvensane store kraftmaster, ryddegater og anleggsvegar kan få for naturmangfaldet og friluftslivet. Slike inngrep kan dele opp samanhengande naturområde, påverke leveområda til dyr og fuglar og redusere opplevinga av natur som i dag er lite prega av tekniske inngrep.
Den føreslåtte traseen vil råke ni kartlagde friluftslivsområde med svært høg verdi, fleire merkte turruter og eit statleg sikra friluftslivsområde. Han kjem også nær Herdla naturreservat og fuglefredingsområde. For mange er dette meir enn eit spørsmål om kvar ei kraftlinje skal gå. Det handlar om kva slags natur vi ønskjer å ta vare på for framtidige generasjonar.
Om turen
Turen startar i den vesle grenda Ådland, der småbruka ligg mellom nakne knausar og grøne beitemarker. Her har menneske og natur forma landskapet saman gjennom hundrevis av år. Frå Ådland følgjer vi den gamle gardsvegen før vi tek oss vidare inn i utmarka langs den historiske kvernavegen. Gjennom Ådlandsskaret og vidare mot Storavatnet går turen i eit landskap der lokale grunneigarar arbeider med å restaurere kystlyngheia. Her beitar gammalnorske sauer, medan gamle stiar og tråkk slyngjer seg mellom små dalar og spor etter tidlegare tiders bruk av utmarka.
Ved Roparhøyen opnar landskapet seg. Her får vi utsyn over Storavatnet og Rylandsvassdraget, Gripakletten naturreservat og det mektige Eldsfjellet.
Dette er eit landskap med store kontrastar og rikt naturmangfald. Delar av Storavatnet og Rylandsvassdraget vart verna av Stortinget i 2005, og fjellområda rundt er registrerte som geologisk arv på grunn av si særmerkte naturhistorie.
Vidare går marsjen gjennom open naturskog, der gamle furutre har fått vekse seg store og krokete gjennom generasjonar. Her er vi også i hjortens rike. Turen endar ved foten av Eldsfjellet, Holsnøys høgaste fjell.
Ei vandring for naturen – og for fellesskapet
Naturmarsjen er ei oppmoding om å engasjere seg, men også ein invitasjon til å oppleve naturen med eigne auge.
For det er noko eige med å stå midt i landskapet som er oppe til diskusjon.
Ved å delta kan du vere med på å synleggjere kor mykje desse områda betyr for friluftslivet, naturmangfaldet og menneska som brukar dei.
Vi oppmodar alle som er glade i naturen, til å bli med! Ta gjerne med vener, familie eller turkameratar. Saman kan vi vise at dei store, samanhengande naturområda våre er verdifulle – og verdt å kjempe for.
Praktisk informasjon
Når: Søndag 25. oktober 2026, kl. 11.30–15.00
Oppmøte: Flatøy terminal
Transport: Bussar går frå Flatøy terminal frå kl. 11.30
Turrute: Ådland–Storavatnet–Eldsfjellet parkering
Lengd: Om lag 5,5 kilometer
Turtid: Om lag 1,5–2,5 timar
Retur: Bussar frå Eldsfjellet parkering til Flatøy terminal frå kl. 14.30
Pris: Gratis
Påmelding: Ingen påmelding – det er berre å møte opp!
Me håpar mange vil ta beina fatt og bli med på markeringa. Ta på gode tursko og kle deg etter vêret. Ha gjerne med litt mat og drikke til turen.
Bli med på naturmarsjen 25. oktober – meld deg på her
See also