Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

3/4/7-fjellsturen blir billigare for born og ungdommar

3-/4-/7-fjellsturen 2027 er open for påmelding. Fram til 31. desember får du superpris på byens finaste fjelltur. For alle under 18 er prisen halvert frå i fjor.

7-fjellsturen 25. mai 2025 - mann med tre barn jubler mot kamera.
GÅ I LAG: Meld på heile familien til neste år, så har de ein god grunn til å halda fast på sundagsturane som trening fram til turstart i mai. Photo: André Marton Pedersen

Datoen for neste års turfest er sett til sundag 30. mai.

Her kan du melda deg på 3/4/7-fjellsturen! 

Som vanleg blir det fullt trøkk over dei sju fjella denne dagen: 

  • Lyderhorn
  • Damsgårdsfjellet
  • Løvstakken
  • Ulriken
  • Fløyen
  • Rundemanen
  • Sandviksfjellet

No er påmeldinga opna, perfekt for dei som vil laga ein avtale med seg sjølv og setja seg eit treningsmål for neste år.

– Me ser at det er ein god del som vil melda seg på tidleg. Viss du veit at du skal gå 35 km og 2 500 høgdemeter i mai, er det gjerne enklare å komma seg ut døra ein mørk januarkveld, seier John Petter Nordbø i aktivitetsavdelinga hjå Turlaget. 

Halv pris for born og unge

For alle som melder seg på før nyttår er prisen 300,- for vaksne og 50,- for born under 18 år. Her er prisen halvert frå året før.

– Det hadde vore skikkeleg kjekt om det blei med endå fleire born og ungdommar med på turen. 7-fjellsturen er nok litt for lang for dei yngste, men 3- og 4-fjellsturen veit me at det er mange familiar som har lyst til å gå, forklarer Nordbø. 

– Start treninga no

Er du usikker på om du klarer å gå heile 7-fjellsturen? Me har trua på deg! Meld deg på, start treninga no, og så har du heilt fram til turstart med å bestemma deg om du vil gå tre, fire eller sju fjell. Påmeldinga er den same. 

– Start forsiktig. No har du god tid. Det viktigaste på denne tida er å etablera rutinen med å komma seg ut. Gå ein tur på 30 til 60 minutt eit par-tre gonger i veka. Legg inn bakkar når du føler for det, seier Nordbø

Etter kvart kan du leggja inn litt lengre turar, og kjenna litt på fleire høgdemeter.

– Først utpå våren kan du prøva deg på nokre skikkeleg lange turar, men du treng ikkje gå 35 km i forkant. Og den siste veka bør du samla overskot. 

Ja, du klarer å gå 7-fjellsturen!
Tre turgåere på rekke og rad i grønt terreng.

Ja, du klarer å gå 7-fjellsturen!

Synst du 35 km og sju fjell høyrest langt ut? Slapp av, turen er ikkje så krevjande som du trur, og med nokre enkle grep er turen innafor rekkevidde for dei fleste som har gått litt på tur.

Les videre
Share article:
Share via email

See also

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget