Logo
Til DNT.no forside
Til DNT Gudbrandsdalen
Hus

Hytter og ruter - DNT Gudbrandsdalen

Vi merkar og vedlikeheld Peer Gynt- stien og husmannsplassen Øvre Skar, og bidrar til at gapahuker blir bygd, stier blir vedlikhaldt og at flere kommer seg ut i Gudbrandsdalen!

Øvre Skar
DNTs tilbud
Publisert: 14. november 2023

Øvre Skar

Peer Gynt-stien
DNTs tilbud
Publisert: 14. november 2023

Peer Gynt-stien

Gapahuken ved Svinntjønna

Gapahuk på fjellet, rastende turgåere utenfor.
Ta deg ein tur til Gapahuken ved Svintjønna du også! Foto: K. Brendhaugen.

Gapahuken ved Svintjønna er eit flott turmål på vestsida av Gudbrandsdalen opp for Harpefoss. Den ligg sentralt til for både sommar- og vinterbruk. Peer Gynt-stien passerer gapahuken og Skodalsåa kultursti startar her. På vinteren ligg gapahuken i eit skiløypekryss. Svaberget på staden innbyr til bading, og er også ein mykje brukt fiskeplass.

Det er fleire vegar til gapahuken:

  • Du kan starte frå Gålå handel og gå Peer Gynt stien fram til Svintjønna. (ca 3 km)
  • Du kan kjøre til Baukholstulen og gå Peer Gynt stien om Skjerellkampen til Svintjønna. (ca 3.5 km)
  • Du kan gå Skodalsåa kultursti frå Bauk- holsltulen til Svintjønna. (ca 3 km)
gapahuk på fjellet
Gapahuken ligg fint til. Foto: Helle Haugen.

Vår eiga hytte ved Polfoss

Sidan DNT Gudbrandsdalen vart stifta i 2007 har draumen om ei eiga hytte vore der. Da stiftelsen Kaare Berg tok kontakt vinteren 2022 og fortalte at dei var på utkikk etter ein organisasjon som kunne ta i mot og ta vare på fleire gamle bygningar vart vi interessert. Gåva gjer at DNT Gudbrandsdalen kan etablere si fyrste turisthytte der hovudbygningen er eit rammeloft sett saman av material frå Gudbrandsdalen. Hytta er planlagt ved Pollfoss i Skjåk og vil kunne by på naturopplevingar året rundt.

Les mer om hytta: Flott hyttegave til DNT Gudbrandsdalen

Øvre Skar

Øvre Skar er ein gamal husmansplass som ligg i kryssingspunktet i den delen av Peer Gynt stien som gå frå Gålå til Sulseter og Pilegrimsleia gjennom Gudbrandsdalen. Øvre Skar består i dag av to hus, eit tidlegare eldhus og ei stabbur.

Les mer om hytta: Øvre Skar

Utsikt fra hyttevindu, utover dal.
 Øvre Skar ligg knapt 600 m.o.h i den bratte lia på austsida av Gudbrandsdalen i Sør-Fron. Foto: Helle Hovden.

 

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem