Logo
Til DNT.no forside
Til Aktuelt

Flott gave - vår eiga hytte!

Som gåve til DNT Gudbrandsdalen gjev Stiftelsen Kaare Berg fleire historiske bygg. Gåva gjer at DNT Gudbrandsdalen kan etablere si fyrste turisthytte der hovudbygningen er eit rammeloft sett saman av material frå Gudbrandsdalen.

Hovudbygningen er eit rammeloft sett saman av material frå Gudbrandsdalen Foto:

Sidan DNT Gudbrandsdalen vart stifta i 2007 har draumen om ei eiga hytte vore der. Da stiftelsen Kaare Berg tok kontakt vinteren 2022 og fortalte at dei var på utkikk etter ein organisasjon som kunne ta i mot og ta vare på fleire gamle bygningar vart vi interessert. Som gåve til DNT Gudbrandsdalen gjev Stiftelsen Kaare Berg fleire historiske bygg. 

Tomt i Skjåk

Etter å ha sett på bygningane, oppretta ein god dialog med stiftelsen og fått meir informasjon om gåva, starta jobben med å finne ei eigna tomt i Gudbrandsdalen. Styret såg raskt for seg å kunne legge til rette for eit enkelt friluftsliv med moglegheit for aktivitetar heile året. Heile Gudbrandsdalen her vore vurdert, men Lesja og Skjåk peika seg raskt ut. Etter godt samarbeid med stiftelsen og Skjåk Almenning kom ei festeavtale på plass i mars 2023.

Pollfoss byr på naturopplevingar heile året

Med Pollfoss som utgangspunkt vil hytta kunne by på naturopplevingar året rundt. Om vinteren er det køyrd flotte skiløyper ikkje langt frå hytta. Eit nettverka av grusvegar byr på trygge sykkelvegar til Sota Sæter og Mysubytta, ned til bygda eller oppover til Billingen, Grotli og gamle Strynefjellsvegen. Pollvatnet er også eit eldorado for dei som er glade i padling, fisking eller vil ta eit avkjølande bad.

Stiftelsen Kaare Berg

Ekteparet Kaare og Inger Berg var levande opptekne av bondekultur og etablerte på 70-tallet ei samling av historiske gardsbygningar på sin bustadeigedom i Bærum. Inger Berg ynskte at dei historiske bygningane skulle ivaretakast og koma allmennheita til gode, og testamenterte difor eigendomen med påståande bygningar til Stiftelsen Kaare Berg. Stiftelsen har sidan Inger Berg gjekk bort i 2017 arbeida med å tilbakeføre dei historiske bygningane dit dei kjem frå.

Interiørbilde fra tømmerhytte
Bilete frå inne i stua slik huset står på Snarøya i dag. Foto: Anita Haugen

Frå Snarøya til Skjåk

Den generøse gåva frå Stiftelsen Kaar Berg omfattar fleire historiske bygningar, men også kostandar til arkitekt- og advokatbistand, demontering, restaurering, transport og gjenoppføring av bygningane på DNT Gudbrandsdalen si tomt i Skjåk kommune. Det er eit mål å kunne nytte denne prosessen til kunnskapsoverføring av tradisjonshandverk. Sparebankstiftelsen DNB har fått søknad om støtte til ulike kurs. Målet med kursa er å lære bort om berekraftig gjenbruk til allmenn nytte. Lokal kompetansebygging innan bygningsvern og tradisjonshandverk. Inkludering av byggfagelever ved demontering, istandsetting og oppføring. På denne måten kan vi bidra til å skape lokalt engasjement og tilknyting til hytta.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem