Logo
Til DNT.no forside

Frivillig i DNT Gudbrandsdalen

Det er våre frivillige som gjer det mogleg for DNT Gudbrandsdalen å tilby over 60 turar i året. Det er frivillige som merkar og vedlikeheld Peer Gynt- stien og Øvre Skar. Bli med som frivillig og bidra til lokalsamfunnet samtidig som du er med i eit hyggjeleg fellesskap

Frivilligheit og dugnadsarbeid er sjølve ryggrada i DNT, og vi ynskjer nye frivillige velkomne. Vårt arbeid er tufta på frivillig innsats som blir gjort av ein flott gjeng frivillige. Som frivillig kan du bidra med arbeid du likar, legge til rette for at andre får fine naturopplevingar samstundes som du også får det. Dugnad er sosialt, triveleg og meiningsfullt. 

Vil du bli frivillig? 

I DNT Gudbrandsdalen kan du bidra med:   

  • Stigmerking
  • Stigrydding
  • Turleiing – frå små nærturar til fleire dagar, for både små og store grupper
  • Dugnadsarbeid på hytteprosjekt
  • Medhjelpar på små eller store arrangement
  • Styrearbeid
  • Administrative oppgåver 
Dame med vaskekost i døråpning på hytte
Vi ynskjer nye frivillige velkomne!

Hvordan blir jeg frivillig?

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål eller vil melde interesse.  

Leiar for stiggruppa: Helle Hovden tlf. nr. 94 88 42 80, helle.hovden@gmail.com 

Dagleg leiar: Anita Haugen tlf. nr. 99 71 26 77,  anita.haugen@dnt.no

Krav til våre turleiarar: 

Alle våre turleiarar må ha gjennomført Ambasadørkurs. Dette er digitalt og du finn det her: Motimate 
Ta kontakt med oss for tilgang på:  tlf. 99 71 26 77 eller anita.haugen@dnt.no

Vi oppfordrar alle til å ta turleiarkurs. DNT sin stige med kurs for turleiarar kan du lese meir om her: Bli turleder i DNT

Dersom du ikkje har turleiarkurs, kan DNT Gudbrandsdalen godkjenne turleiarar på realkompetanse for enkeltturar - Turleiar si rolle og ansvar

Som turleiar må du i forkant av turen utarbeide ein turbeskrivelse og sende inn - Turbeskrivelse

Sikkerheitssjekk må skrivast og returnerast før turen kan gjennoførast - Sjekkliste sikkerheit

I etterkant av turen leverar turleiaraen bilete og kort rapport - Turrapport

DNT Gudbrandsdalen arrangerar fyrstehjelpeskurs og temakveldar for våre turleiarar.

Tre dugnadsarbeidere har har en rast ved sti.
Dugnad er sosialt og hyggelig!

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem