Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Felleskap i fri luft

Utferdslaget si nyaste turgruppe har fått fotfeste blant unge vaksne på Voss.

Published: September 29, 2026
Written by: Mari Stephansen
DNT's offer

Elden flammar opp frå gruva. Endå ein tørr kubbe vert lagt på bålet og små gnistar av eld fyk opp gjennom opninga i taket. Utanfor ausar det ned, men i gapahuken ved Lundarvatnet er varmen i ferd med å spreia seg.

Praten går uanstrengt mellom åtte unge vaksne som har tatt onsdagsmiddagen med seg ut for å feira at bålforbodet er oppheva. Turleiar Sigbjørn Utbø Sakseid tek ordet:

– Kjenner alle kvarandre? Nei? Me tek ein namnerunde. Og så deler alle sin favorittrett på bål samtidig!

Trettiåringen er sjølvutnemd bålentusiast, og kveldens turleiar. Han har leia turar for DNT Unge Vaksne sidan gruppa vart starta på nyåret. Sakseid flytta frå Stavanger til Voss for tre år sidan og synes det har vore utfordrande å koma inn i eit turmiljø som innflyttar.

–  Eg var på nokre søndagsturar med Utferdslaget, men eg synes det var litt vanskeleg å koma inn, då det var mange vossingar som kjende kvarandre frå før. Med DNT unge vaksne ville me skapa eit nytt tilbod for dei som ynskjer eit større nettverk og som er i same livssituasjon.  

Mann smilar i kamera
Turleiar Sigbjørn Utbø Sakseid trivst når han får fyra bål. Foto: Mari Stephansen 

Fjell, fisk, yoga og blåbær

Sidan skipinga i januar i år har turgruppa arrangert imponerande mange turar, heile 45, med stort spenn i både vanskegrad og tema. Det har vore både fiskedag med kjentmann og fjellyoga, blåbærtur med biolog, telttur, hyttetur og utebadstove etter jobb.  

Ein treng ikkje å ha ein lang tur - CV for å bli med i gjengen, ein treng i grunn ikkje ha gått ein tur i det heile. Alle er velkomne med, det viktigaste er å ha interessa for å vera ute. 

Ragnhild Sørgård Lid (31) seier tilbodet er svært kjærkomment, også for ho som er frå Voss og som alt har eit nettverk. 

–  Eg har sakna dette tilbodet så mykje at eg ville vera med i styret for å vera sikker på at denne gruppa vart noko av. Eg har sakna det å ha nokon å gå tur med, for i det nettverket eg har er det ikkje alle som har dei same interessene som meg. 

Maria Jensen sit ved sida av. Ho er òg frå Voss, og like gammal som Ragnhild. Ho fekk vita om turgruppa på Facebook.
–  Eg vart kjempeglad då eg såg det. Eg var så spent fyrste gong eg møtte opp åleine, men det er berre fine folk her. Og dei fleste er her jo av same grunn, å vera sosial. 

To damer smilar i kamera
Vossingane Ragnhild og Maria seier tilbodet til Unge Vaksne er etterlengta. Foto: Mari Stephansen

Kringle på grillen

Det trommar taktfast på gapahuktaket medan båltips vert delt og middagar lagt på rista over glørne. 

–  Det har eg ikkje sett før – grilla kringle!

Magnus Rogstadkjernet gjer store auge då Maria tek opp heimelaga surdeigsbakst som ho har varma over glørne.

– Ja, vil du ha?  

Det er påfallande kor inkluderande stemninga er. Alle virkar oppriktig interessert i å helsa på dei som kjem, anten det er kjente fjes, eller heilt nye deltakarar. Og om nokon har gløymd noko eller står fast er det heilt sjølvsagt å tilby dei hjelp.

Tre menn står rundt eit bål
Kva er det med bål? Ein er samla, ser på eit fast punkt som bevege seg, men kan likevel sitja og prata saman, fortel Sigbjørn. Foto: Mari Stephansen

MLågare terskel for venskap

DNT Unge Vaksne har invitert til 45 turar og arrangement sidan dei starta. Pågangen har vore god, fortel Olav Brekke, ein av initiativtakarane til gruppa. Det brukar vera pluss minus 15 personar med på kvar tur eller arrangement, og totalt har vore 80 - 90 fjes med i større eller mindre grad.  

Olav er opprinneleg frå Horten, flytta til Voss frå Bergen, og seier han raskt har fått eit nytt nettverk. 

– Før eg flytta tenkte eg at det sikkert tek minst eitt år før eg får nokon eg vert godt kjent med. Men så har det gått veldig fort. Magnus (Rogstadkjernet) dukka fyrst opp på planleggingsmøtet i mai. Eg kjende han ikkje då, men no har me leia tur saman, ete middag saman og går tur og gjer mykje kjekt i lag. Det går fort når ein møter folk ein går overens med og det er veldig lett når ein er ute og har det hyggeleg. 

Korleis er det å bli kjent ute? 

–  Slik som no, når me lagar bål, må me samarbeida. Elles både planlegg og prate me saman. På tur må ein òg hjelpa kvarandre om ein er sliten eller ein har gløymd noko. Og når ein har opplevd noko saman, har ein noko til felles og det vert lettare å ta opp att tråden etterpå. «Det var kjekt på tur sist, har du lyst til å koma på middag?»  Men om ein har møtt nokon på jobb eller tilfeldig på kafe kan det vera høgare terskel for å senda melding i etterkant. Her er det lettare. 

Tre personar sit rundt eit bål
Middag og dessert vert lagt på bålet. Foto: Mari Stephansen

Gest frå ein ukjend

–    Har du lyst på? 
Dama ved sida av meg, Randi Vaage Nordihus, har noko som ser ut som ei bakt potet i handa, men som viser seg å vera eit eple. No er desserten klar etter å ha lege ved glørna. Ho har hatt sekken full av desse, kvar og ein pakka sirleg inn i dobbel aluminiumsfolie. Eplene er hula ut, fylt med smør og valnøtter, og dryssa over med sukker og kanel.

Eg takkar, tek i mot, og det slår meg; i kva andre samanhengar får ein noko som dette av nokon ein aldri før har møtt? Med den største sjølvfølge? 

På den andre sida av gapahuken er Ragnhild i gang med middagen ho hadde med. Ho har eit puff til både vossingar og tilflyttarar som sit på gjerdet og lurar på om turgruppa kan vera noko for dei: 

–  Du får vera ute i naturen og samtidig vera sosial. Her finn du andre med same interesser, og alle som er med er alltid inkluderande og flotte folk å vera med. Det er ikkje så skummelt å møta opp åleine heller, fordi du veit at du vert godt ivaretatt.

Haustmørkret smyg seg rundt oss i gapahuken. Ein av deltakararne reiser avgarde etter mat og prat for å nå nattskift på jobb, medan dei andre vert sitjande utover kvelden. No skal Magnus sin nye variant av den amerikanske desserten S`mores testast - og delast ut til alle som vil ha. 

To personar smilar til kvarandre
Olav Brekke og Randi Vaage Nordigard tok initiativ til turgruppa då dei flytta til Voss. No gler dei seg over interessa. Foto: Mari Stephansen

 

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag