Ansiktslyft for hytteperla aust for Voss
Stjernehimmel, storm, måneljos og nordljos. Kaldavasshytta har stått stødig i 88 år. No er ho fin som få, og klar for nye generasjonar med tursko på tunet.
Written by: Mari Stephansen
– Dårleg.
Slik skildrar tømrar og frivillig i Voss Utferdslag, Jarle Rogne, tilstanden til sikringsbua på Kaldavasshytta.
– Det var heilt naudsynt med ei oppgradering til dagens standard.
Kaldavasshytta opna for snart 90 år sidan, i 1938. Etter omvøling og utviding i 1985 har ho stått i storm og stille fram til i dag. Men no måtte noko skje for at den framleis skulle vera god å bu i. Etter påske starta arbeidet, og i midten av august var jobben gjort.
Tilsaman 715 timar vart lagt ned av åtte iherdige frivillige gjennom sommaren.
På dei timane fekk hytta nytt inn - og utvendig tak. Sengene vart bytt ut, veggane fekk nytt panel, og gangen vart isolert, fekk rett golv og nytt golvbelegg. I tillegg til dette, fekk også vedhuset og utedoen eit skikkeleg ansiktslyft.
På spørsmål om kva som var mest utfordrande, svarar frivillig og ei av seks i hyttetilsynet på Kaldavasshytta, Kirsti Buset:
– Vèret.
– Det var litt heftig ver i periodar, utdjuper Jarle Rogne.
Ekteparet brukar vanlegvis helger og feriar på å sjå til, og fiksa det som trengs på Kaldavasshytta. Denne sommaren vart det ekstra mange timar på dugnadskontoen deira då sikringshytta skulle få etterlengta pleie.
– Me er dønn avhengig av skikkeleg ver når me held på med tak. Ein periode var det 15-20 sekundmeter og det bøtta ned med regn. Då kan ein ikkje halda på ute. Då vart det innearbeid. Elles er jo alt utfordrande når det er gammalt, men det er løysbart det meste, legg Jarle til.
Samhald og venskap
Jarle og Kirsti takka ja til å bli del av hyttetilsynsgruppa til Kaldavasshytta i 2019. Det var gleda for fjellet og nysgjerrigheita på eit ukjend område som lokka dei til oppgåva. Dei har ikkje angra, sjølvom det har vore mykje jobb.
Anbefalar de dugnadsarbeid som paraktivitet?
Dei ler.
–Det blir ikkje noko skilsmisse av det, seier Kirsti smilande. Me likar å gå i fjellet begge to, og det er kjekt å gjera noko felles. Me har også hatt nokon turar dit der me har tatt med barnebarna.
Korleis er arbeidsfordelinga?
– Alt som har med organisering av dugnad å gjera, mat og innlosjering på hytta tek ho seg av. Eg ordnar det praktiske som bestilling av helikopter, materialinnkjøp og det sjølve byggtekniske, forklarar Jarle.
Kirsti skryt av resten av dugnadsgjengen, som alle er hyttetilsyn i tillegg.
Hyttetilsynet på Kaldavasshytta
Denne gjengen ser til at alt er som det skal på Kaldavasshytta.
- Randi Stalheim
- Geir Henrik Styve
- Sveinung Klyve
- Birthe Christiansen
- Kirsti Buset
- Jarle Rogne
– Dei er fantastiske. Me er veldig samkøyrde.
– Jekla bra, kan du sei! bryt Jarle inn med eit godt glis. Det er kjekt når alle bidreg.
Enorme summar spart
Dersom Utferdslaget skulle betalt for arbeidstimane dei frivillige har lagt ned med hytta denne sommaren, hadde prislappen vorte nær 300 000 kroner.
Kva betyr det at Kirsti, Jarle og resten av tilsynet set av tida, brukar krefter og jobbar gratis?
– Kan eg seia alt? Dei frivillige er sjølve ryggrada i alt det Voss Utferdslag gjer. Utan dei måtte me, sett på spissen, lagt ned heile laget, seier dagleg leiar i Voss Utferdslag, Margrethe Alm.
Men sjølv iherdige og dyktige frivillige får ikkje løyst alt. Noko må fagfolk ta seg av, noko er det kun pengar som kan løysa. Materiale skal kjøpast, fundament skal støypast og store mengder tungt utstyr skal fraktast inn.
–Og der er me så utruleg heldige som har lokale stiftingar og bankar som bidreg med ålmennyttige midlar til prosjekt som dette. I dette arbeidet har Voss Sparebank og Sparebankstiftinga Hardanger bidrege, saman med dei frivillge, til at me i mange tiår til kan halda Kaldasvass open for alle, året gjennom, seier Alm.
Ein skal ikkje vera med på noko som dette berre for å vera listefyll. Ein må hoppa til med begge bein og gje gass!
Her koplar du av
I sommar starta dugnadsdagane med frukost klokka sju. Så dreiv gruppa på med kvar sine oppgåver før dagen vart avslutta med felles middag på bordet 19.00. Etterpå var det sosialt. Kortspel, prat og ein øl eller brus før ein var tidleg i seng. Klar for kvile og for neste dag med arbeid.
Kva gjer Kaldavasshytta verd å besøka?
– Området. Det er lett å koma til, men du kan òg velja tyngre ruter, seier Kirsti.
Jarle fortset:
– Naturen, det er stilt og fredeleg. Du har ikkje dekning. Du må kobla av, spela kort eller snakka med dei andre.
Ny hytte ut
Neste år ventar endå eit prosjekt. Då skal næraste nabo til sikringshytta, hovudhytta på Kaldavass, få eit etterlengta lyft.
–Det vert mykje arbeid. Då skal både innvendig og utvendig tak bytast. Kjøkenet skal også målast.
Og så var det nett ein ting til;
–Me skal òg få på plass ein skikkeleg benk på sikringshytta, som skal gå rundt heile hytta. Det har me ikkje spurd dagleg leiar om, men det blir, slår Jarle fast med eit smil.
Kva gjev det deg å bruka fritida di på dugnadsarbeid?
–Det er veldig kjekt når ein ser resultatet. Eg likar å gjera ein skikkeleg jobb når eg fyrst er med. Ein skal ikkje vera med på noko som dette berre for å vera listefyll. Ein må hoppa til med begge bein og gje gass!
Kjelder: Boka «Far etter folk i Vossafjell».
Bli frivillig!
Som frivillig vert du med i eit inkluderande og sosialt fellesskap, der du bidreg til at fleire kjem seg ut.
See also