Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Voss Utferdslag får hytte i gåve frå Voss Sparebank

Turglade i Voss herad får ei ny hytte å besøkja. Voss KFUK/KFUM sin gamle samlingsstad Vonhaug på Mjølfjell skal få nytt liv som DNT-hytte.

Published: October 28, 2026
Written by: Mari Stephansen
News
Raud stor hytte mellom furutre
Denne hytta vert Voss Utferdslag si 9. hytte. Photo: Mari Stephansen

– På vegne av alle som bur i regionen vår er me veldig glade for den rause gåva. Når hytta no vert ein del av DNT-nettverket, kan fleire få mogelegheit til oppleve den vakre naturen på Mjølfjell heile året, seier dagleg leiar i Voss Utferdslag, Margrethe Alm.  

Lett å nå  

Hytta ligg vakkert til med bilveg til hytta, og med berre ti minutt å gå frå Bergensbanen. På sommarstid kan ein til og med sykla. For Utferdslaget har det lenge vore eit ynskje å kunne tilby ei hytte som det er lett å koma seg til.  

– Denne vil vonleg bli populær både blant småbarnsfamiliar og turgjengar i alle aldrar. Her kan ein ha hytta som eit utgangspunkt, bu ei natt eller fleire, og gå så langt, bratt, kort eller lett som ein vil. Me håpar hytta vert like populær sommar som vinter, fortel Alm.  

Langsiktig perspektiv 

– Når ein har ein så fin plass som har blitt brukt av fellesskapet så lenge, så er det dumt om me ikkje hadde klart å behalda det slik. Det seier banksjef i Voss Sparebank, Jørund Rong. I tillegg til sjølve hytta, skal Sparebanken òg stå for oppgraderinga som trengs for å kunne ta hytta i bruk.  

 – Dette vert totalt sett ei stor gåve?  
 
– Ja, det er ingen tvil om, men samtidig har me eit bygg for framtida som vil gleda veldig mange i tida som kjem. Set ein kostnadar opp mot talet på folk som får gleda av denne staden, er det etter banken sitt syn ei investering det er verd å ta, slår Rong fast.  

ei rad med menneske smiler mot kamera framfor ei hytte
Saman på synfaring. Jørund Rong i Voss Sparebank, Marie Brandseth i HLM Arkitektur, Knut Bryn, styremedlem i Voss Utferdslag, dagleg leiar i Voss Utferdslag Margrethe Alm og Pål Erdal frå Voss KFUK-KFUM.

 

Naudsynt oppgradering 

Før den 104 år gamle hytta kan opnast som en del av Voss Utferdslag sitt hyttenettverk, må ho oppgraderast både innvendig og utvendig. Tak og kledning må bytast, kjøkkenet skal bli funksjonelt, og tørkerom må på plass.  

– Planlegginga er godt i gang, og me er takksame for at Voss Sparebank også dekkjer kostnadane med å setja hytta i stand til den bruken me tilrettelegg for, seier Alm.  

– Kvar krone som vert gjeve til frivillige lag og organisasjonar, skaper verdiar langt utover beløpet. For når banken støttar frivilligheita, handlar det om meir enn pengar. Det handlar om å ta vare på møteplassar, skapa tilhøyrsle og gje nye generasjonar gode opplevingar og minne, utdjupar Alm. 

Lukke til i eit velsigna hus 

Styreleiar i Voss KFUK -KFUM Voss, Gunvor Sønnesyn, fortel at dei håpa på ei ordning som dette.   

– Me vil gratulera og ynskja ny eigar av Vonhaug til lukka! Me gler oss over at huset framleis skal tena frivillig arbeid, og er glade for at det vil framleis vil vera høve til å leiga Vonhaug -også for ungdommane våre. Me vonar Utferdslaget vil få like stor glede av Vonhaug som me har hatt, og ynskjer lukka til på neste etappe i eit velsigna hus. 

Korte fakta om Vonhaug

Visste du dette?

  • Bygd i 1922
  • Eigd av Voss KFUK – KFUM Voss sidan 1971
  • Ligg vakkert til på oppsida av Raundalselva, og like nedanfor Mjølfjell stasjon
  • Sengeplass til 22 personar
  • Innlagt vatn og straum
  • Godt utgangspunkt for flotte turar sommar som vinter. Mellom anna til BT- hytten, Mjølbotn eller Fallet.  

  

 

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag