Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Villreinkurs på Hardangervidda

Helga 21. - 22. september arrangerte Bergen og Hordaland Turlag gratis villreinkurs for turleiarar. Vår eigen Erlend Rong Næss var med på kurset eg her kan du lesa skildringa hans frå kurset

Published: September 27, 2024
Written by: Erlend Rong Næss
Trip report
Villreinkurs, Naturmangfaldskurs for turleiarar
Photo: Erlend Rong Næss

Om kurset

Hardangervidda er Nord-Europas største høgfjellsplatå. Her er det store, flate vidder, fiske, spektakulære fossar og rikt dyre- og planteliv. Mellom anna finn me det største leveområdet til den europeiske villreinen. Ein majestetisk og mystisk art som er sjølve grunnlaget for befolkinga av Noreg. Villreinen er no truga, og noko av grunnen er høg menneskeleg aktivitet. På denne turen skal naturvegleiar, Kamilla Rust, læra oss om villreinen og samspelet mellom menneske og villrein. Kurset er retta mot turleiarar som ynskjer å få kunnskap som kan gjere oss betre å driva friluftsliv på lag med villreinen.

Laurdag 21. sundag 22. september

Laurdagen starta med to miniforedrag: eit om istidar og heving/senking av landskapet, etterfulgt av eit om villreinen. Deretter vart det 18km gange inn til Hadlaskard. Vêret kunne knapt ha vore betre med 16-17 grader, sol og skyfri himmel. På veg opp hadde me mange pausar, der me fekk faglig påfyll både om geologi og villreinen.

Hårteigen var stort sett synleg mens me gjekk, og me åt lunsj på eit heilt fantastisk utsiktspunkt. Etter vel 8-timars trasking kom me fram på Hadlaskard, der enkelte valgt å bade i elva, medan andre byrja på middagen. Dagens middag vart sjølvsagt reinsdyrgryte. Ein skikkeleg solid middag, som bl.a. bestod av lokal steinsopp. Ein heilt nydeleg dag, rett og slett upåklagelig. Sundag starta med nybakte rundstykke og god stemning rundt frukostbordet. Etter ein grundig utvask av hytta vart da eit mini foredrag om villreinen - med fokus på mat.

Så gjekk turen nedatt til Hjølmoberget. På vegen vart det nokre stopp, der me snakka om bl.a. reinens årshjul (parring, kalvingstid osv.) og litt om fylitt. Turen denne dagen gjekk meir jevnt og trutt, og innebar difor færre og stort sett kortare pausar. Då me kom nedatt vart det ei lita oppsummering, inkl. smaking av reinsdyrshjarte.

Alt i alt ei veldig kjekk helg, med mykje ny kunnskap, fantastisk vêr og tur i fantastisk landskap. Målet med slike arrangement er å gje turleiarar ny kunnskap som kan nyttast når ein leiar turar, for å gje befolkninga grunnleggjande kunnskap som er viktig å kunne når ein ferdast i naturen.

Turen vart arrangert i samarbeid med Norsk Villreinsente og UiB. Me hadde med oss to ansatte frå Villreinsenteret og ein geolog frå UiB.

Helsing Erlend Rong Næss

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag