Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Sundagstur til Skjelinganosi

Det var ein god gjeng på 11 stk som ikkje var skremt av ein tidleg start på sundagsturen til Skjelinganosi i helga  

Published: March 09, 2026
Written by: Øystein Røen
Trip report
Sundagstur til Skjelinganosi 8 mars 2026.
Photo: Øystein Røen

Ifylgje vêrmeldinga skulle da bli flott vêr med mykje sol. Men da blei øveskya og litt flatt lys, men temperaturen var mild og da var vindstille bortsett frå på toppen.

Fuktig snjo heilt til topps, så da var litt klabb og babb oppøve, men føret var godt å gå på. Ein veldig flott gjeng som var med turen, alt gjekk sytalaust, og me brukte 2 1/2 timar opp og litt over 1 time ned.

Veldig kjekt for dei som ikkje hadde vore på Vikafjellet eller på tur med Voss Utferdslag før, som fekk oppleva kor fint og enkelt da kan vera. 

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag