Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Sundagstur til Kvanndalsstølen

Årets siste sundagenstur gjekk frå Kvanndal og opp sherpatrappene til Kvanndalsstølen.

Published: October 13, 2025
Written by: Kjartan Haugen
Trip report
Sundagstur til Kvanndalsstølen 12.102025
Photo: Kjartan Haugen

Me var 8 deltakarar og to turleiare som la i veg i fint haustvêr med sol og uvanleg varme til årstida. Stemninga var god frå start, og me fekk ein flott tur opp sherpatrappene som slyngjer seg fint oppover den bratte lia.

Langs ruta såg me tydelege og kraftige herjingar etter stormen Amy. Store tre hadde knekt tvers av og låg velta utover i terrenget. Sherpatrappene og stien var likevel farbare, men fleire stader fekk me eit sterkt inntrykk av kor brutale naturkreftene kan vere.

Vel framme ved Kvanndalsstølen tok me ein lengre pause i solveggen. Her vart det god tid til både kaffi, niste og hyggeleg prat medan me kunne nyte utsikta i fjellet.

Vidare frå stølen innover dalen i lett kupert terreng mot idylliske Fossdalen. Her renn elva vidare nedover og dannar fleire små fossefall, godt synlege frå vegen ned mot Lussand.

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag