Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Sundagstur til Handadalseggi

Flott sundagstur, som vart ein laurdagstur, til Handadalseggi 3. august!

Published: August 12, 2024
Trip report
Sundagstur til Handadalseggi, 3. august
Photo: Audun Hellevang

Me starta frå Holbergsplass kl. 08.30 og køyrde nærmare 6 mil til Leitet langt inne i Fresvikjordalen. Turen var flytta frå sundag til laurdag grunna dårleg vermelding på sundagen, og det var eit godt val. Veret var fint, lettskya, vindstille og god temperatur. 9 deltakarar og 2 turleiarar tok turen.

Ei kom heilt frå Alver og ei anna kom frå Bergen for å vere med på tur. Underlaget var for det meste steinete, men likevel greit å gå på sidan det var tørt i terrenget. Turen gjekk i kupert terreng slik at me fekk sett mange dyregraver og fangstgjerde. (Litt fleire høgdemeter totalt enn oppgitt i turomtalen). Flott terreng og nydeleg utsikt mot Fresvikbreen, Langafjellet, Styvisdalseggi, Breiskrenosi og eit lite glimt av Nærøyfjorden.

Returen frå Handadalseggi var litt mindre kupert sidan me gjekk ei litt anna rute tilbake til bilane. Ingen uhell og berre nøgde turdeltakarar. Me var tilbake på Voss til planlagt tid ca. kl. 19.

Stor takk til turleiarane Richard Jacobsen og Anne-Grete Haugen

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag