Nydeleg fellestur med Vik Turlag til Havren med 36 deltakarar!
Published: April 22, 2024
Trip report
Photo: Audun Hellevang
Turen gjekk etter programmet med start frå RV13 ved Ovrisvatnet. Sol frå skyfri himmel og berre ein svak bris. Greitt føre sjølv om det vart litt klabb i fellene for enkelte.
Stemninga i gruppa var god og turleiar Nils Gunnar hadde mykje god lokal informasjon om området turen gjekk i.
Stor takk til turleiarane Nils Gunnar Finne og Audun Hellevang.