Flott tur til Nærøydalen med seniorgruppa førre veke!
Published: June 02, 2025
Trip report
Photo:
Kveldsturen denne onsdagen gjekk til Nærøydalen for å sjå på dei to vakre fossane: Stalheimsfossen og Sivlefossen.
Me gjekk fyrst inn til Stalheimsfossen, og etter regnveret dei siste dagane viste den seg i sitt rette element. Deretter gjekk me den tilrettelagde stien med ein del trapper nokre stader, opp mot Sivlefossen. Her vart det ein del fotografering, då her og var rikeleg med vatn. Så tok me Stalheimskleiva ned att til bilane. Takk til alle for ein kjekk og interresant tur.