Ein fin kveldstur på god sti frå Mølster til Raugstad i godt vêr og med eit strålande utsyn!
Published: May 22, 2026 Written by:
Åsta Birkeland
Trip report
Photo: Åsta Birkeland
Kvitveis og fuglekvitter gledde oss undervegs. Mange var nok ekstra motivert for å sjå hagen til Grete Rode på Raugstad. Til trass for ein kald vår, var det utruleg mykje vakre blomar. Grete hadde mykje interessant å fortelja om opparbeidinga av hagen, og delte raust med hageråd. Ein stor takk!