Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Raundalselva: Badekulpar og geologiske fenomen

17. juni arrangerte Voss Utferdslag og Bergen og Hordaland Turlag vandring langs Raundalselva og inn i geologien si historie.

Published: July 07, 2025
Trip report
Raundalselva: Badekulpar og geologiske fenomen
Photo: John Inge Johnsen

På turen fekk me høyra og sjå korleis denne spesielle dalen er del av eit eldgamalt landskap, med eit dalføre forma av prosessar frå før istidene tok til. Me fekk også sjå og ta på dei ulike bergartane som dominerer Vossabygda. Elva var stor og synte, på same tid, krafta og venleiken som bur i det klåre vatnet. Nokre drista seg likevel uti på bading i den store elva. Alle kunne nyte gode grillpølser etter turen.

Me vil retta ein stor takk til førsteamanuensis ved institutt for geovitenskap (UiB), Pål Ringkjøb Nielsen, for spennande innsikt og rettleiing.

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag