Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Overnattingskurs for ungdom

Forrige helg avslutta overnattingkurset for ungdom med ein telttur i nærleiken av Torfinnsheim. 

Published: June 26, 2025
Written by: Sofie Hagland Børseth
Trip report
Overnattingskurs for ungdom telttur til Torfinnsheim.
Photo: Sofie Hagland Børseth

Etter to kveldar med trening på kart & kompass i Storåsen og matlaging på primus og bål på Prestegardsmoen, var det kjekt å få prøva seg i høgfjellet. 

Kurshaldar, Sofie Hagland, tre styremedlem fra Dnt Ung, samt deltakarane frå kurset gikk laurdags føremiddag opp lia fra Hodnaberg til Torfinnsheim i strålande solskin. 

Etter lunsj ved Torfinnsvatnet var det deilig med ein lur i solsteika, før me gjekk ein tur i nærområdet for å øva på kartlesing og kompasskurs. 

Til middag smakte det ekstra godt med fajitas, etterfylgt av kakao og marshmellows grilla på primus. 

Me satt oppe til kl. 22 og nøyt solnegangen. Ein heilt magisk dag!

Neste morgon var det litt delte meiniger om korleis deltakarane sin fyrste natt i telt (nokonsinne!) hadde vore. Regnet lot venta på seg, så me skynda oss med å  pakka samans telta medan dei fremleis var tørre. 

Vinden sto på og etterkvart tok regnbygene oss att. Då var det fint å kunne laga pannekaker med bacon og blåbærsyltetøy i le framfor hytteveggen. Kurshaldar hadde klart å gløyma smøret, men me kan rapportera at baconfett funker som berre det!

Etter frukost blei det ein liten tur med meir øving på kart & kompass opp rundt Haugane, før turen gikk nedover mot Hodnaberg igjen. 

Takk for turen!

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag