11 engasjerte og godt kledde kursdeltakarar fekk påfyll av viktig skredkunnskap denne helga.
Published: January 13, 2026 Written by:
Øystein Ormåsen
Trip report
Photo: Øystein Ormåsen
Under tittelen "NF grunnkurs skred nordisk" la instruktørane frå Wild Voss opp til innhaldsrike dagar i høgfjellet kring Voss.
Kurset starta fredag kveld med presentasjonsrunde og teoriøkt på Voss Utferdslag sitt kontor.
Laurdag gjekk turen til Sendedalen på Vikafjell. Hovudtema denne dagen var måling av brattleik, vurdering av skredterreng og trygge vegval.
Sundag vart det ein rundtur frå Ljosanbotn i retning Eilivseggi. Kameratredning var eit sentralt tema denne dagen. Krevjande snøtilhøve og friske nedrenn stod ikkje i vegen for nok ein lærerik og flott dag i vinterfjellet.