Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Førstehjelpskurs på Staup

I forrige veke halde dyktige Frida Halvorsen førstehjelpskurs for seks heldige deltakarar på Staup.

Published: May 27, 2025
Written by: Sofie Hagland Børseth
News page
Førstehjelps kurs NF Grunnkurs på Staup, Voss.
Carlos Abraldes Szigriszt og Magda Blakeson pakker Øystein Ormåsen godt inn. Photo: Sofie Hagland Børseth

Det vart to lange, men til gjengjeld lærerike dagar i solsteika oppe ved klatrefeltet på Staup. Nivået i gruppa var høgt, så det vart god tid til realistiske scenarioer som klatre- og høgfjellsulukker. 

Dei fekk øva mykje på å pakka inn pasientar i "burrito" (laga ei dampsperre med til dømes søppelsekkar, for så å tre ein sovepose og vindsekk utanpå) for å forhindra hypotermi. 

Kraftige blødningar, brudd og hjartestans vart også drilla på. 

Til hausten arrangerar me endå eit NF grunnkurs i førstehjelp frå 12- 14 september. Denna gongen blir det oppe på Rosethytta, med sjukepleiar og ambulansearbetar Jakob Årman som instruktør. 

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag