Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Kvistetur til Kaldavass

På sundag vart turen Upsete til Kaldavasshytta kvista.

Published: March 17, 2026
Written by: Sveinung Klyve
Trip report
Kvistetur frå Upsete til Kaldavasshytta 15 mars. 7 stk bar 200 kvister 6,5 km.
Photo: Sveinung Klyve

Kvistinga vart utført av 7 personar som bar på ryggen dei 200 kvistane som skal til på dei 6,5 kilometerane opp til hytta. Det vert sett ned kvist i bakken kvar 40 meter. Kvisten startar ovanfor øverste hytta på Upsete.

Dette er ei av to ruter på Vestlandet som vert merka utan bruk av snøskuter. Den andre er Lid til Høgabu i Bergsdalen.

Veret på Upsete var denne dagen fint i starten med sol, men gjekk utover dagen over til tett snøfokk og stiv kuling i kasta.

Tusen takk til alle dei frivillige som bidrog!

 

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag