Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Hallingskeid - Upsete

Vêrmeldinga var skiftande for helga og me bestemte at det var palmelaurdag me skulle gå frå Hallingskeid til Upsete over Vossaskavlen.

Published: April 22, 2025
Written by: Arne Røen
Trip report
Sundagstur over Vossaskavelen
Photo: Arne Røen

Det var bra temperatur og lite vind frå me starta til me kom til Upsete. Sola, derimot skuffa og det var stort sett overskya. Fyrste matpausen hadde me på Budalsbrotet. Då me skrei ned i Nordredalen var det heilt flatt lys og særs vanskeleg å skri fyrst.

Me gjekk forbi ein gamal varde og eg fortalde kort om banedrapet i Grøndalen og avrettinga av mordarane (mor og far) i Ulvik, Klyvet opp til Vossaskavlen gjekk greitt sjølv om det såg skremmande ut på avstand. Der tok me ein ny matpause og såg glimt av sol. Det gjekk lett opp på Vossaskavlen og nedskriinga til Kaldevasshytta gjekk greitt på påskeføre og med flatt lys. Etter ein pause på Kaldevasshytta skrei med ned til Upsete påskeføre. Me hadde god til og fekk ein lang pause med forfriskingar og god drøs i solveggen på Upsete fjellstove.

Me var 21 personar som starta og alle kom fram. Aldri har eg sett ei så jamn gruppe i både opp- og nedover-bakke. Takk for turen alle saman. -Arne Røen-

Stor takk til turleiarane Arne Røen, Anita Bø Røen og Tryggve Soldal!

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag