Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Grunnleggjande fyrstehjelpskurs med Voss Røde Kors

Denne helga hadde Voss Røde Kors grunnleggjande fyrstehjelpskurs for fleire av turleiarane våre. Det vart ei lærerik helg med både teori og praktiske øvingar.

Published: April 08, 2024
Trip report
Grunnleggande Fyrstehjelpkurs 5-7 April, saman med Voss Røde Kors.
Photo: June Jansson

Med god støtte frå Voss Sparebank er me no i gang med å gjera eit solid kompetanseløft i Voss Utferdslag. 

Fyrstehjelpskurset var retta mot turleiarar i Voss Utferdslag, og ti deltakarar i alderen 15 - 70 år var med på kurset. Her fekk dei øva seg på ulike hendingar som kan skje når ein ferdast i fjellet. 

Grunnleggjande turleiarkurs
Dei neste kursa me skal ha er grunnleggjande turleiarkurs: 25 - 26. mai og 8. - 9. juni. Det er mange påmeldte på begge kursa, men me har framleis nokre ledige plassar. 

Er du interessert i å ta kurs eller har spørsmål, er det berre å ta kontakt med June Jansson på e-post june.jansson@dnt.no 

Fleire fyrstehjelpskurs
Me kjem til å ha fleire fyrstehjelpskurs dette året, meir informasjon om datoar kjem. Laget er også i dialog med Voss Røde Kors om å ha faste øvingar til hausten. 

Sjå fleire bilete frå fyrstehjelpskurset her

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag