Husmannsplassvandring Brunkeberg
Det blei ein fin og triveleg tur til ulike husmannsplassar i Brunkeberg søndag 20. september
Kviteseid Turlag inviterte, og 18 tobeinte pluss ein firbeint blei med denne dagen. Jan Toralf Omtveit var med som kjentmann. Brunkeberg krysset, eller sentrum om du vil var første staden me fekk høyre om. Med 3 butikkar, verkstad, kyrkje, posthus, 3 kafear, eige fryseri mm var det ein gong eit yrande liv her.
Så gjekk turen ned "Gamleveg" og inn på gang/sykkelveg langs E 134 eit stykke. Med små stopp og mykje historie vart det ei interessent reise. Opp til Slettekås, Haugli, Haugan og Stallshaug. Etter å ha sett på Omsberg plass og Omsbergbispen blei det ein matrast.
Oppom Nordabergtjønni og speida bort mot Noraberg, før vi etterkvart vinkla nedover mot E-134 att, kryssa denne og tok gamlevegen i retning Brunkeberg att. Her ligg Omland og Omtveit gardar langs vegen. Godt turvær og ein flott turgjeng var trygt tilbake og godt fornøgde. Takk for turen!
See also