Ønskjer du å vere med å utvikle og drive ei spektakulær DNT-hytte?
Luster Turlag søker etter nytt vertskap på Tungestølen Turisthytte med oppstart sesongen 2027. Vi søker deg/dykk som vil gi våre hyttegjester gode opplevingar i ein storslått natur.
Written by: Luster Turlag
Tungestølen Turisthytte opna som ny turisthytte sommaren 2020 og er ei moderne hytte som ligg fantastisk til innerst i Veitastrond under Jostedalsbreen. Frå peisestua har du utsikt direkte mot breen!
Hytta er en DNT-hytte i tradisjonell forstand med overnatting, frukost, lunsj og middagsservering både for dagsbesøkande og overnattande gjester. Det er køyreveg fram til hytta – 5,5 km frå Veitastrond. Hytta er tilrettelagt for rørslehemma. Hytta har opplevd stor utvikling dei siste åra, og nyter godt av mange besøkande gjennom sesongen.
Tungestølen Turisthytte består av Felleshuset, Servicehuset, Soveselet med 21 sengeplassar, Austerdalshytta med 14 sengeplassar og Bankhytta med 4 sengeplassar. Matsalen i Felleshuset har kapasitet til 50 personar, og i tillegg er det ei peisestove med fleire sitteplassar. Servicehuset er utrusta med dusj, toalett og tørkerom. Utanfor sesong er Austerdalshytta ei ubetjent DNT-hytte.
I utgangspunktet ønsker vi at hytta er open for betjening i perioden mellom midten av mai til slutten av september, med høve til å ha ope i haustferien. Dette kan avtalast nærmare.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift av hytta: servering av frukost og middag, reinhald og vedlikehald.
- Vertskapsrolla: ta imot gjester, gi turinformasjon og bidra til gode opplevingar.
- Økonomi og administrasjon: økonomistyring, booking, mm.
- Kommunikasjon: marknadsføre tilbodet på sosiale medier og heimeside.
- Bemanning: tilsette og leie sesongarbeidarar
- Utvikling av tilbodet: skape aktivitetar/arrangement
I tillegg må det berekna arbeidstid utanom sesong til planlegging, tilsettingar og booking for kommande sesong.
Korleis er kvardagen som vertskap?
Som bestyrer er du både leiar, praktikar og vertskap. Du organiserer drifta og sørger for at alt er på stell, men du er også med på kjøkkenet når det trengs, gir turinformasjon til gjester og bidreg til at hytta opplevast som eit hyggeleg samlingspunkt. Arbeidsdagane er varierte – frå å handtere tekniske anlegg og rekneskap til å dele turtips over kaffikoppen med gjester.
Vi ønskjer at vertskapet vårt
- er opptekne av god service og eit godt mattilbod
- trivst med menneske kring seg, både gjester og tilsette
- beherskar dagleg drift av tekniske anlegg
- har interesse av og forståing for kva det inneber å drive ei turisthytte
- har noko erfaring frå reiselivet
- har erfaring med økonomi og administrasjon
- har evne og vilje til å stå på i periodar med mange gjester
- drift av hytta passar godt for eit par eller familie
Vi er opptekne av eit godt mattilbod på Tungestølen, basert på lokale råvarer og mattradisjonar. Det håpar vi at det nye vertskapet vil vidareføre. Lokalkunnskap er ikkje eit krav, men vil bli vektlagt saman med andre kvalifikasjonar.
Den som blir vertskap på Tungestølen må etablere eige driftsselskap. Drifta av hytta vil skje i tett samarbeid med hyttestyret på Tungestølen og organisasjonssekretæren for Luster Turlag.
Kontakt
Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte styreleiar Oddstein Haugen i Luster Turlag, tlf.: 469 70 702 eller organisasjonssekretær Gry Thyrrestrup, tlf.: 454 79 418.
See also