Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Takk til Fjord1 for støtte til kystkulturen og utvikling av DNT Friluftsbrygga!

DNT Romsdal ønskjer å rette ei stor takk til Fjord1 for verdifull støtte til arbeidet ved DNT Friluftsbrygga.

Published: November 16, 2026
Written by: Ragnor Alme
News
Photo:

Gjennom tilskot frå Fjord 1 skal vi formidle kystkultur til folk i alle aldrar, og særleg born og unge. Friluftsbrygga er ein stad der ein lærer gjennom å gjere, og der born, unge og vaksne får eit aktivt forhold til kysten og kulturarven vår. Tilbodet omfattar mellom anna rimelege ferieaktivitetar for born og unge, opne aktivitetsdagar, skuledagar for grunnskule og vidaregåande skule, og frivillig aktivitet gjennom heile året.

Støtta frå Fjord1 bidreg til å utvikle tilbodet vidare gjennom investeringar i båtar og båtutstyr, utvikling av sløydrom og arbeidsbenkar, og betre undervisningsrom og garderobefasilitetar. Dette er utstyr og anlegg som kjem mange til gode, og som vil vere med på å skape aktivitet og meistring langs kysten i mange år framover.

Allereie no har Friluftsbrygga fått stor interesse frå skular og grupper frå heile regionen. Klassar frå mellom anna Aukra, Rauma, Hustadvika og Vestnes har vore innom for aktiv formidling av kystkultur, og vi ser eit aukande behov for denne typen møteplassar og læringsarenaer.

Prosjektet er òg forankra i berekraftige verdiar. Aktivitetane våre byggjer på sporlaus ferdsel, gjenbruk, vedlikehald av utstyr og bruk av kollektivtransport når skuleklassar kjem på besøk.

Med støtta frå Fjord1 kan vi halde fram arbeidet med å skape eit aktivt folkehelsetilbod med kysten som arena, der deltaking ikkje skal vere avhengig av personleg økonomi. Saman skaper vi meir liv langs kysten og gjer kystkulturen tilgjengeleg for endå fleire.

Tusen takk til Fjord1 for at de er med på laget!

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member