Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Skitur til Treknatten

Fem deltok på turen søndag 17. mars.

Published: March 18, 2024
Written by: Trond Olav Vassdal
Trip report
Alle samlet på toppen av Treknatten Photo: Ukjent

For eit vær, blå himmel og sol, nysnø, nykjøyrte løyper og 5 minusgrader møtte oss på årets tur til Treknatten. Lørdagen, den opprinnelige turdagen, var det eit heilt anna vær med vindkast opp mot 20 m/s og snø. Difor vart turen utsett ein dag, og jammen var vi, turleiar og 4 spreke turdeltakarar heldige.

Fjellet viste seg atter ein gang frå si beste side. Løypa var nypreparert frå Lykkrosmyra og heilt fram til Treknatten. Vi såg fleire stader at løypekjøyrar hadde jobba mykje for å kome seg gjennom skavlar som hadde etablert seg etter laurdagens snø- og vindvær. Takk for tilrettelegginga. Mange nytta moglegheiten til å få ein flott tur til Treknatten denne søndagen. Smilet set laust, og humøret er godt hos skilauparane slike dagar.

Første rast tok vi i sola i bakkane før "Store steinen". Videre forbi krysset med løypa til Jøranfisen gjekk vi i fin diagonalstil heilt til Treknatten. I år kunne vi også gå på ski heilt opp til toppvarden der vi kunne nyte utsikten mot Vassfaret, Hedalen og Jotunheimfjell i det  fjerne. Nokon tok beina fatt nedatt dei første 30 metrane frå toppen, men det vart strabasiøst å vasse i djup snø så skia kom fort på. Med god 
glid og feste kunne vi nyte utsikten sørover og dei flotte skulpturane som laurdagens vær hadde laga av fjellgranane her oppe på fjellet.

Vi er heldige som har eit så flott fjellområde som vi kan nyte friluftslivet gleder i, både vinter og sumar. Takk for ein flott søndagstur til Tove, Eva, Esther og Berit, og ta gjerne turen til fjells du også, dersom du kan.

Referat ved turleiar Trond Olav Vassdal.

Deltakerne ved Den store steinen.

Deltakerne ved Den store steinen. Foto: Trond Olav Vassdal.

 

Share article:
Share via email

See also

Bli frivillig i DNT Ringerike
Bli frivillig i DNT Ringerike
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member