Kom deg ut-dagen feira i år 20-års jubileum, og på Vinstra vart det ein svært vellykka akedag i Høgmolykkja. Over 90 små og store møtte opp for ein dag fylt med fart, leik og gode vinteropplevingar.
Published: February 02, 2026
Trip report
Photo: Annette Fagervold
Det vart aking for store og små, og rundt grillen var det god stemning. Frivillige sørga for grilling av pølser og servering av kringler, sjokoladekake og marsipankake – noko som fall i smak etter mange turar i akebakken. Mange raue kjåkkå og smilande onger vitna om ein dag som gav minner for både små og store.
DNT Gudbrandsdalen vil rette ein stor takk til dei frivillige Marie, Kristin og Anette for flott innsats. Dei kan allereie no love at det blir ny akedag neste år.