Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Tre turar – tre unike opplevingar i Jotunheimen

Den siste veka har DNT Gudbrandsdalen arrangert tre toppturar i Jotunheimen. Sjølv om turmåla var ulike, hadde dei mykje til felles: spektakulære naturopplevingar, strålande sommarvêr, godt fellesskap og turglade deltakarar som gjorde kvar tur til noko heilt spesielt.

Published: July 16, 2026
News page
Photo: DNT Gudbrandsdalen

Kvitingskjølen – 2064 moh.
Allereie frå starten fekk vi kjenne på høgdemetrane. Stien bar bratt opp fjellsida, men humøret var på topp, og praten gjekk lett medan vi vann høgde.

Etter mange høgdemeter stod vi på Vestre Kvitingskjølen, der utsikta mot Galdhøpiggen, Glittertind og dei kvasse tindane i Jotunheimen opna seg. Fram mot hovudtoppen låg skyene framleis over delar av fjellet, men då vi nådde Kvitingskjølen, braut sola fram og gav oss ei fantastisk ramme rundt toppturen.

Sidan gjengen framleis hadde mykje energi att, tok vi turen innom nordre Kvitingskjølen før returen. Undervegs fekk vi også oppleve ein flokk tamrein som beita roleg i høgfjellet – eit av dagens store høgdepunkt.

Rundturen var om lag 18 kilometer og 1000 høgdemeter gjennom steinur, snøfonner, mjuk mose og litt kratt. Ei klassisk Jotunheimen-oppleving som minna oss på kvifor vi stadig vender tilbake til desse fjella.

Vestre Kvitingskjølen
Foto: DNT Gudbrandsdalen

Kyrkja – 2032 moh.
Med strålande sol og skyfri himmel låg alt til rette for ein fantastisk dag. Frå Leirvassbu gjekk turen innover mot foten av Kyrkja, der vi undervegs fekk sjå tamrein som beita fredeleg i området.

Ved foten av den karakteristiske toppen tok vi ein matpause før den bratte stigninga tok til. Med ein sprek og motivert gjeng gjekk høgdemetrane unna, og etter to litt luftige parti stod vi endeleg på toppen.

Her venta den heilt særeigne utsikta som gjer Kyrkja til ein av dei mest populære toppane i Jotunheimen. Etter ei god stund på toppen gjekk turen tilbake mot Leirvassbu, med smil, latter og gode samtalar heile vegen.

Kyrkja
Foto: DNT Gubrandsdalen

Vesle Galdhøpiggen – 2369 moh.
Den siste turen gjekk til Vesle Galdhøpiggen. Endå ein dag med strålande sommarvêr gav dei beste rammene for ei flott oppleving i høgfjellet.

Etter ein fin innmarsj knytte vi oss inn i taua og kryssa breen. Undervegs delte turleiarane erfaringar, gode råd og forteljingar om breen og landskapet rundt oss, noko som gav deltakarane både ny kunnskap og ei ekstra fin oppleving.

Etter brekryssinga venta steinete terreng og eit luftig parti før den siste stigninga opp mot toppen. Der møtte vi ei utsikt det er vanskeleg å bli mett på – med Galdhøpiggen rett framfor oss og eit panorama av brear og tindar så langt auga kunne sjå. Som ei ekstra oppleving fekk vi nyte utsikta nesten heilt for oss sjølve.

Vesle Galdhøpiggen
Foto: DNT Gudbrandsdalen

Tre turar, fem 2000-meterstoppar og utallige gode naturopplevingar rikare. Ei stor takk til alle deltakarane og turleiarane som gjorde dette til ei minnerik veke i Jotunheimen. Vi gler oss allereie til fleire turar!

Share article:
Share via email

See also

Bli frivillig
Bli frivillig
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member