Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Nymerka løype på Randviktangen i Risør

Havrefjell Turlag har etter avtale med grunneigar Risør kommune og Miljøvernavdelinga ved Statsforvaltaren i Agder nå rydda og merka den populære løypa som går inne i naturreservatet på Randviktangen. Merkinga er utført skånsamt etter merkehandboka med blå-maling på trær og på enkelte vardar. Merking skal ikkje skje direkte på fjell.

Published: July 12, 2024
Written by: Ole Jakob Bråten
News
Vakker utsikt over havet. Photo: Ole Jakob Bråten

Under dugnaden møtte vi mange blide turfolk i denne vakre kystløypa som takka for dette positive tiltaket.

Ved den austre stranda går løypa opp like ved ein stolpe til Stolpejakten. Ved den vestre stranda startar løypa ved toalettet. Denne fine rundturen frå P-plass ved Randvik kystledhytte er på 2 km. 

Skilt ved begge inngangane  (austre og vestre strand) vil bli montert først til hausten.

Vi har nå fått både Randvik kystledhytte og dagsturhytta Ut mot havet, og det er behov for ein del nye skilting i området. Dette vil til hausten bli utført av Havrefjell Turlag i nært samarbeid med Risør kommune. 

Her går stien i portal under furukrona.

Ved austre stranda på Randvik går stien opp ved stolpen til Stolpejakta midt i dette bildet. Her skal det kome opp løypeskilt til hausten.

Linje med blå prikkar viser løypa som kan gåast som 2 km rundtur frå Randvik kystledhytte. Heile løypa går inne i naturreservatet.

God tur!

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member