Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Kvinnehelg på Finse: Ei helg for ro, natur og ny energi

Velkomen til ei helg på Finse der ro, fellesskap og natur går hand i hand. Saman med fysioterapeut Gunn Marit Bjerkeset utforskar vi korleis pust, bevegelse og vinterfjellet kan gi meir balanse, energi og kontakt med kroppen.

Published: September 26, 2026
News page
Photo:

13.-15. februar 2027 inviterer vi til ei heilt spesiell kvinnehelg på Finse saman med fysioterapeut og kursleiar Gunn Marit Bjerkeset.

Midt i det opne og mektige høgfjellslandskapet får du ei helg der tempoet senkast, pusten får meir plass og kroppen kan sleppe tak i kvardagens stress og forventningar. Her er det ingen prestasjonar, berre tid og rom til å kjenne etter kva du treng.

Kjerne-kvinne, kraft

Gjennom helga vil Gunn Marit guide deltakarane gjennom bindevevstrening, vaguspust og enkle verktøy for å forstå og regulere nervesystemet. Kombinasjonen av mjuk bevegelse, frisk fjelluft og godt fellesskap gir eit unikt pusterom i vinterfjellet.

Det blir også god tid til eigne opplevingar. Kanskje freistar ein skitur over Finsevatnet, ein roleg tur i vinterlandskapet eller nokre stille timar framfor peisen med ei bok og noko varmt i koppen.

Gunn Marit har over tjue års erfaring som fysioterapeut og kursleiar, og er kjend for å skape varme og trygge rom der deltakarane kjenner seg velkomne og ivaretatt.

Denne helga passar for alle kvinner som ønsker meir ro, meir nærvær og litt påfyll i ei travel tid. Du treng ingen forkunnskapar, berre lyst til å vere med.

👉 Les meir om program, prisar og påmelding her

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member