Logo
Til DNT.no forside
Til DNT Sogn og Fjordane
Fottur

Utlån av kajakk, kano og turutstyr i Sogn og Fjordane!

I Sogn og Fjordane syter ulike lokallag for at du som DNT medlem har tilgang til gratis, eller rimeleg lån av turutstyr og padleaktivitetar. Turutstyr til lågterskelaktivitet kan du ofte låne gratis på BUA i din kommune, medan utlån gjennom turlaga gjerne er for fjellsportaktivitet. Til dømes breutstyr, via ferrata-slynger eller randoneeski. Her er også utlån av kajakkar og kanoar slik at du kan oppleve Sogn og Fjordane utan å gå mange høgdedrag.

DNT Sogn og Fjordane sine randoneeski

DNT Sogn og Fjordane eig 15 sett med randonee ski, støvler, feller, hjelm og staver. Ta kontakt der skia er plassert for utlånsvilkår, inntil 100kr i leigepris.
Sko str fra 34-40 og ski fra 164-178 cm

  • Vik Turlag har 4 par komplette randonne skipakkar som me fekk frå SFT i Førde. Blizzard g95 l lengder 157, 164,  164 og 178.
  • Sogn Skisenter har 9 par
  • Midtre Nordfjord Turlag har 2 par (men også gått til innkjøp av eigne) 

BUA - gratis utlån av friluftsutstyr, ei kommunal teneste.
Finn din BUA og utvalet her

Noko utstyr krev tilgang på DNT-nøkkel

Så lenge du har eit gyldig betalt medlemskap kan du deponere på nøkkelen, du får kjøpt den i DNT butikken. Du kan eventuelt kjøpe nøkkel her: Intersport Sogndal, Luster Fjordhytter i Høyheimsvik, Sport 1 Førde, på turistinformasjonen i Vik og på Indre Sunnfjord Turlag sitt kontor i Førde.

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem