Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Turforslag i Etne kommune

Her finn du ei samling turforslag i Etne kommune. Alle med lenker til UT.no, enten som turforslag med GPX-spor eller som turposter. Turpostene har kort tekst som beskriver turen. Turane varierer frå enkel til krevande med tidsbruk mellom frå 2 timar til dagsturar. Lista er ikkje uttømmande, så det kan vere fleire turar om du søker direkte i app'en UT.no. God tur!

Published: May 20, 2026
Article

Turar nær Etne sentrum

Hodlestadnuten. Enkel og kort tur frå Berge i Etne til Hodlestadnuten. Turen er 4 km tur/retur og har ein stigning på om lag 430 høgdemeter, og har nokre bratte parti. Hodlestadnuten ligger på 675 moh. Gradering: Middels.

Stølehetta frå Kambe. Stølehetta (774 moh) ligg omlag 1 km frå postvegen Skånevik-Etne, og stien er godt merka. Frå Kambe i Etne er det 3,7 kilometer opp, med til saman 670 høgdemeter å forsera.

Osnes - på stille skogstiar. Osnes, som ligger på ei halvøy like vest for Etne sentrum, egner seg godt for korte eller litt lengre rusleturer på stille skogs stier. Et godt alternativ for barnefamilier. Stiene går gjennom skog, gamle tun med frukthager og på svaberg langs sjøen.

Øvstebø. Turen starter frå gardstunet på Øvstebø og følger traktorvegen oppover. Denne turen er særleg kjekk for barn og familiar. Gradering: enkel.

Steinfjellet frå Rus. Turen starter på grusa tursti frå øverste parkeringa på Rusvegen. Turen er 2,75 km ein veg og ein vaksen person bør rekne 45 min ein veg. Totalt 5,5 km og om lag 230 stigemeter.

Høylandsnuten frå Rus. Turen startar frå øverste parkering på Rusvegen. Turen til toppen tar omlag 1 time for ein vaksen person. Flott utsikt frå toppen.

Trommedalen. Sentrumsnær rundtur i Etne. 8,4 km rundløype i kupert terreng på traktorveg og sti. Store delar av turen går i skog. Høgaste punktet er 275 moh.

Veten frå Kambe. Turen er 3,5 km ein veg og omtrent 550 stigemeter. Dei første 2 km opp postvegen går jamnt og bratt oppover.

Turar nær Skånevik

Strondahaugane. Turen er i underkant av 3 km (6 km tur/retur), og har omlag 400 stigemeter. Turen tar omlag 1 time ein opp og noko mindre tilbake.

Kyrkjesteinen. Turen er 3 km ein veg og har omlag 380 stigemeter. Første kilometeren går på lett kupert traktorveg. Deretter er det jamt, og til tider relativt bratt, oppover på sti. Turen opp tar 1 til 1 1/2 time for ein vaksen alt etter form. Gradering: Middels.

Turar nær Tjelmeland - Kyrping - Frette

Skrekollen via Ljusneshovda. Turen startar ved bensinstasjonen på Tjelmeland (Kyrping). Først bratt oppover på traktorveg. Turen er omlag 10 km tur/retur.

Hålandshovda. Flott utsikt på toppen. Turen er 1,8 km ein veg og har omlag 350 stigemeter. Rekn omlag 1 time på turen opp. Gradering: Middels.

Turar i Åkrafjorden, Fjæra og Rullestad

Jettegrytenuten. Kort tur på ca 3 km tur/retur på sti og berg. Besøk gjerne Jettegrytene på nedsida av nuten. Her er det tilkomst via stigtrinn i berget.

Vaula via Langfoss. Bratt opp langs Langfoss. Deretter vidare innover dalen til Vaula. Totalt omlag 9 km og nærmere 900 stigemeter. Normalt må du rekne 5 timar på turen. Gradering: krevende.

Rullestad-Ramnanuten-Vaulo-Langfoss. Ein lengre tur på 13.6 km og nærmare 1000 stigemeter. Tur byr på variert terreng, stølsvollar, fjordutsikt og vassdrag. Gradering: krevende

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member