Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage
Hiking

Hytter tilhøyrande Indre Sunnfjord Turlag

Indre Sunnfjord Turlag driftar tre DNT-hytter - desse er eit turmål å besøke i seg sjølv. Ved hyttene våre kan du for eksempel bade, fiske, padle, gå fotturar, lage god mat, utforske turområder rundt, kople av og nyte naturen😍 Både tilsyn og drift er på dugnad. Våre ivrige eldsjeler sørger for at hyttene er i god stand og klare til å ta i mot gjester heile året. To av hyttene våre, Longevasshytta og Nipebu, har eit rikhaldig proviantlager slik at du ikkje treng bere så tung sekk.

PRISAR OG PRAKTISK INFORMASJON

Alle er velkomne til å besøke og overnatte på hyttene våre. Det er alltid rom for drop-in, men det er også mogleg å førehandsbooke seng om ein ynskjer. Det første du skal gjere når du kjem på hytta er å skrive deg inn i protokollen, den store blå boka. 

Førehandsbestilling?
Mange tykkjer det kan vere greitt å vita kvar dei skal sove om natta, at det er eit rom som ventar, og at me har seng til deg - og dine. Du kan booke og betale for ei seng gjennom hyttebestilling. Då har du krav på senga di fram til kl.19.00 ankomstdag. Kjem du fram til hytta etter kl. 19.00, gjeld framleis førehandsbetalinga - men du må altså velgja blant sengene som framleis er ledige. 

Betale på hytta?

Har du ikkje førehandsbetalt overnattinga, fiksar du enkelt betalinga i DNT appen eller på vippsnummeret for hytta.
Her finn du prisar og all naudsynt informasjon. Kjøper du noko frå proviantlageret, betalar du også for dette i appen.
DNT-appen fungerer også på hytter som ikkje har mobildekning. Legg inn det du skal betale for i appen og betal så snart du får dekning. Hugs protokollnummer.

Prisar på overnatting Indre Sunnfjord Turlag sine hytter i 2026:

 

LONGEVASSHYTTA & NIPEBU

MASSBU

Overnatting Medlem Ikkje-medlem Medlem Ikkje medlem
Vaksne 330,- 500,- 200,- 300,-
Ungdom 13-25 år 160,- 320,- 100,- 200,-
Born 0-4 år 0,- 230,- 0,- 100,-
Born 0-3 år 0,- 0,- 0,- 100,-
         
Dagsbesøk / Telt 50,- 100,- 50,- 100,-
Dagsbesøk familie 100,- 200,-    

*Du betalar for dagsbesøk når du nyttar gass, ved, do, båt/kano eller andre fasilitetar på/ved hytta 

*Skuleklassar eller større grupper kan gjerne ta kontakt for pristilbod på e-post indresunnfjord@dnt.no 

Proviant på hyttene
På Longevasshytta og Nipebu kan du kjøpa ingrediensar til alle måltid. Du kan enten dra til fjells utan å vite kva som ligg i hyllene, eller du kan sjå proviantlista og prisar i DNT appen. Merk at det kan verte tomt for enkelte varer, men vi fyller på jamnleg - og det vil alltid vere eit alternativ.  

Slik betaler du med mobilen på DNT-hyttene

Sjekkliste for Hyttebesøk

NÅR DU KJEM

  • Skriv deg inn i besøksprotokollen. 
    Det er først når du har skrive deg inn i protokollen, at du har rettar på hytta.
  • Finn deg ein sengeplass.
    For hytter som har førehandsbestilling, sjå eige regelverk.
    Lakenpose eller sovepose skal brukast
  • Gjer deg kjend i hytta.
    Ved finn du i vedskjulet, og vatn hentar du i nærmaste vatn/bekk.
    Informasjon om besøks- og overnattingsprisar finn du på eigne lister.

UNDER OPPHALDET

  • Lag deg mat og nyt opphaldet.
    Etter måltidet vaskar du opp, slik at utstyret er klart for neste gjest.
  • Fyr i omnen med omtanke.
    Fjerning av oske – sjå oppslag om brann.
  • Røyking er berre tillate utandørs
  • Ta omsyn til andre gjester
  • Det skal være ro på hytta mellom kl. 23.00 og kl. 06.00.

VED AVREISE

  • Betal for mat og opphald med gjeldande betalingssystem
  • Rei opp senga etter bruk
  • Vask alle rom som har vore i bruk, før du forlèt hytta
  • Ber inn ved til neste gjest
  • Kontroller at brytaren på regulatoren på gassflaska er stengd. Ikkje kople regulatoren frå gassbehaldaren
  • Sjekk at alle vindauge og dører er lukka, før du forlèt hytta
  • Våre ubetjente hytter har ikkje søppelhandtering, og du må ta med deg eige søppel

Sjå meir om bruk av DNT-hytter: Hyttebesøket frå A-Å

Gapahukar - for alle heile året!

Indre Sunnfjord Turlag står som eigar av to gapahukar som er opne for alle heile året. Desse eignar seg til overnatting i køye eller på benk, eller som base for eit godt måltid. Hugs å rydde fint etter deg, sløkkje eld og ta med bosset ditt heim. 

Gapahuk ved Dagsturhytta Gytta på Vie, Førde. Foto: Hege Mundal
Gapahuk i Askdalen, Askvoll. Drifta av Barnas Turlag Askvoll. Foto; Isaac Lone

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member