Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

SjekkUT Indre Nordfjord

SjekkUT tek deg frå fjord til fjell i Indre Nordfjord – ein enkel veg til nye og vakre turmål.

NB! Denne sida er under utvikling og turomtale vil bli oppdatert iløpet av våren 2026

 

SjekkUT Indre Nordfjord – opplev nye turmål i nærområdet

Indre Nordfjord Turlag har lansert si eiga SjekkUT‑liste, med 20 flotte turmål rundt om i heile indre Nordfjord – perfekt for både små og store turopplevingar.

Turmåla er fysisk merka med eigne SjekkUT‑skilt, og ligg samla i UT‑appen, slik at du enkelt kan finne fram, registrere turane dine og samle minner undervegs. Enten du er ute etter korte nærturar, utsiktspunkt eller nye favorittplassar, gir lista deg god inspirasjon til å utforske nærområdet.

 

Slik fungerer det:

  • Finn lista SjekkUT Indre Nordfjord i UT‑appen
  • Gå tur til eitt eller fleire av dei merka turmåla
  • Sjekk inn digitalt når du kjem fram
  • Om du vil så skriv i gjesteboka og del turgleda med andre.

SjekkUT er heilt gratis og passar for alle – her kan du konkurrere med deg sjølv, samle turmål og få ekstra motivasjon til å kome deg ut på tur.

Takk til Norsk Tipping som har vært en viktig sammarbeispartner på dette innholdet.

God tur og sjekk inn med SjekkUT!

 

 

 

Alle Turmål er merka med dette skiltet:

Turinfo:

 

Kloppemyra - Dagsturhytte, Stryn

Stien til hytta:


Frå parkeringsplassen ved Stryn stadion går den merka stien langs Vikaelva heilt opp til Kloppemyra. Derifrå kan du gå vidare i retning Stryn vinterski. Det er svak stigning, for det meste i lett skogsterreng. 

Frå parkeringsplassen ved Stryn vinterski (350 moh.) følgjer du turløypetraseen ca. 500 meter , svingar til venstre og følgjer merka sti nedover mot Kloppemyrhytta og sentrum.

Det er også mogleg å gå til dagsturhytta rett etter at ein har passert dei siste husa i Setrevegen på veg mot skisenteret. Stien går rett vest under høgspentlinja. Turen er då på 1 km. 

Avstandar;


Hytta ligg på om lag 250 moh.

Frå grusplass til venstre for Øyravegen (Tonningsøyra), vest for Stryn stadion til Kloppemyrhytta: Om lag 1,5 km. 50 min roleg gange.
Frå parkeringsplass Stryn vinterski til Kloppemyrhytta: ca.1,7 km. Ca. 30–45 min roleg gange.

Om hytta:

Hytta til Stryn kommune ligg på Kloppemyra. Ho har vedomn, innvendig lys og sanitæranlegg.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

Floskue, Stryn

Turen til Floskue startar på nausta ved Øyra (vedsiden av Stryn Stadion) -  her er det god parkering.


Følg merkinga mot Dagsturhytta, følg austsida av Vikaelva forbi Sandbakk.

Kryss Vikaelva ved gangbrua og går inn i øvre delen av byggefeltet på Hol, følg asfaltveg til toppen av byggefeltet. Mellom dei øverste husa kjem vi til ei grind som fører ut av byggefeltet og inn i skogen. Dette er starten traktorvegen/råsa som går heilt til Floskue.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

Navnet Floskue kjem av at ein kan sjå heilt opp til Flo.

Skuten - Frå Kyrkjeeide, Stryn

Start for turen er Nedstryn kyrkje i Stryn. Der er det god parkeringsmogelegheit.

Ein kryssar så bilvegen, og startar ganske umiddelbart på stigninga. Vegen oppover går på brei og fin traktorveg (litt opp og ned). Etter nokre meter, kan ein velgje ta av til venstre og gå "Gamleråsa". Det er ein sti, som er brattare, men kortere enn traktorvegen. Der kan være litt blaut, så ein må ha gode sko.

Frå Skuten er det flott utsikt over Strynedalen der ein kan følge elva som svingar seg nedover dalen. 

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

Visnesrunden, Stryn

Dette er ein fin sentrumsnær tur.

Turen som er beskrevet er ein rundtur og går delvis på asfalt, skogsveg og rås/sti. Den kan sjølvsagt gåast i begge retninger. Det er jamn stigning fra 0-340 moh. Den er godt merka.

På Visnes er det satt opp ei tavle i området der det er skyttergraver fra krigen, med informasjon om området der. Starter ein på Visnes får ein denne informasjonen tidleg på turen. Og starter ein og går Bruagrenda først, får ein den informasjonen på slutten av turen.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT

 

Gryta, Stryn

Populær rute som lenge går på tørr, fin og barnevenleg sti.

Ein køyrer til Bøasætra ( bomveg), alternativ å parkere ved Stryn Vinterski og gå derifrå. Først opp ein bratt kneik ovanfor Bøasætra til ein kjem over tregrensa, så i slak stigning mot søraust, før ein dreier nordaustover langs med ei hylle midtvegs i fjellet. Til slutt dreier ein sørover opp ei noko bratt stigning, før ein når toppen.

Ruta er merka med raude prikkar heile vegen. Eineståande utsiktspunkt finn ein på ca 960 m.o.h. rett sør for toppen.

Lokalkjende brukar av og til den alternative ruta opp "Marakråna", som går langs ein luftig og smal fjellsti opp mellom skrentar og stup på sørsida av fjellet. Ein tredje variant er å legge turen om Bubergskaret nord for toppen. Denne ruta er også merka med raude prikkar. Denne ruta er slakare og litt lenger. Same startpunkt for alle rutene. Stien til Bubergskaret tar av til venstre rett etter toppen på skiheisen.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

 

Holsetra, Stryn

SjekkUT punktet ved Holsetra ligg ved info skilt langs turløypa i Stryn. Her er ein i ope landskap, og kan nyte utsikta mens ein tek ein pause på ein rundtur i turløypene.

Turen til Holesetra er på gode stier i bark / grus med start enten fra Ullsheim eller fra Stryn Vinterski. Denne er ein del av det gode sommer og vinterløypene til Stryn Turløyper.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

 

Nakkebruna - Dagsturhytte, Hornindal

Dagsturhytta i Volda kommune har fått namnet Nakkebruna og passar fint som turmål for barnefamiliar. Dagsturhytta ligg ved stien til Ytrehornsnakken, og har god utsikt mot Hornindalsvatnet, Grodås og inn Hornindal. Namnet kjem av fjellhamanren Nakkebruna som ligg like nedom hytta.

Dagsturhytta ligg berre eit steinkast frå trasèen for Hornindal Rundt løypa, og turen opp går i hovudsak i løypetrasèen.

Hytta ligg på om lag 190 meter. Turen opp tek om lag 30 minutt i roleg tempo frå parkeringsplassen ved skulen.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

 

Kjøsahalsen, Hornindal

Like før ein er komt til toppen på Kjøsahalsen skal ein halde til høgre på ei rås/skogsveg. Den er ikkje merka, men tydeleg i terrenget. Ein går vidare i slakt skogsterreng nordvest over. Litt stigning før ein er på det høgaste punktet. Det er mykje stor furuskog, så utsikten er ikkje den beste, men enkelte glimt får ein av Grodås sentrum og bygda Otterdal.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

 

Segestad, Oppstryn

Garden Segestad ligg fint til i munningen av Glomsdalen, på ei fjellhylle med eit bratt stup på 300 meter ned til Oppstrynsvatnet. For å kome til Segestad så køyrer ein til Hjelle i Oppstryn.

Parkering ved Hjelle skule, alternativ ved Glomnes (her er det parkeringsavgift). Frå Hjelle til Glomnes er det vel 1 km på grusveg før stien mot Segestad startar. Det er vanleg å rekne ca. 1 time på turen opp.

Oppe på Segestad er det fint for ungane å leike seg.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

Vetledalseter, Oppstryn

Vetledalseter ligger øverst i Erdalen Stryn og blei opna som DNT-hytte sommaren 2011.

Den er sett i stand av Indre Nordfjord Turlag og er eit flott utgangspunkt for turer mot Vetledalsbreen, mot Infimus som ligg lengst inn mot brevatnet til Erdalsbreen.

 Turen inn til hytta frå Erdalen passar godt for barnefamilie, og tar ca 1,5 time.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

Nosakleiva, Fjelli

Du kan gå til Nosakleiva frå begge sider av Nostunellen på Fjelli.

Frå Nos: Gå ned til utsiktspunktet på Nos, ta til høgre og følg den gamle anleggsvegen i ca 1,5- 2 km til toppen. Jamn stigning i starten, på slutten flatar den ut.

Frå Tvinnereimsslettene: Parker ved ferista rett etter tunellen. Følg den gamle anleggsvegen (på høgre sida av vegen når du kjem frå Stryn) som svingar seg opp mot toppen - ca 1,5 km.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

 

Ulvedalsdemmene, Ulvedal

Turen til Ulvedalsdemmene er ein flott og enkel tur, godt tilpassa dei aller minste. Det går fint å trille med vogn heile vegen, samt vidare i området.

For å komme seg til Ulvedal køyrer du Panoramavegen forbi Blakset til du kjem til Sagedammen. Her er det gode parkeringsmuligheter. Startpunkt for turen er frå Sagedammen, og det er godt merka frå vegen.
Turen fra Sagedammen og fram til Ulvedalsdemmene er omlag 900m på skogsveg.

Ulvedalsdemmene ligg flott til, og kan vere utgangspunkt til fleire andre turar.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

Verlostøylen, Utvik


Start for turen er i starten av Utvikfjellet (parkeringa i svingen der det går ein grusveg inn til venstre).

Ein kan som alternativ 1. gå over vegen frå parkeringa og opp ein gammal traktorveg. Litt bratt i starten, men slakk stigning etter brua. Då følger ein traktorvegen heile turen fram til Verlostøylen. Kan vere vanskeleg å komme seg over elva på dagar meg høg vassføring.

Alternativ 2. Gå utover grusvegen til venstre til du har passert 2 bruer. Ved utvidinga etter bru 2 går det ein sti opp til høgre.

Flott skogssti opp til Verlostøylen i jamn stigning heile vegen. Begge vegane tek ca.30 min. Med barn reknar ein ca 1 time.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

Bolleberget, Innvik

Frå Bolleberget i Innvik får du ei flott utsikt utover Nordfjorden.

For å kome seg dit følg Dragsetvegen frå Innvik sentrum forbi Langvin og parker i ein knapp sving. Der finn ein skilting mot Bolleberget. Følg skogsvegen, der den delar den seg, følg øvste skogsveg til enden. Derfrå er det sti siste stykket fram.

Turen tek om lag 30-45 minutt ein veg. Det er mogleg å gå ein rundtur, følg då skilting.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

Skarsteinsetra, Olden

Turen til Skarsteinsetra startar ifrå Olden sentrum. Kommunal veg til Fagerli. Derfrå går ein på Skogsveg til Skarsteinsetra. Turen opp tek om lag 40-50 minutt, og går både på skogsveg og fin sti. Det går fint å trille med barnevogn.

På Skarsteinsetra er det fin utsikt utover fjorden og mot Loen og Rake/Oppheim.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

 

Gytrifossen, Olden

Oldedalen har mange ville fossefall og Gytrifossen er ein av dei. Den ligg gjøymt bak i Gytridalen.
Utgangspunktet for turen er ved Olden Camping Gytri.

 

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

 

Bilde og meir info kommer.

Storesteinen, Olden

Meir info kommer

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

 

 

Briksdalsbreen, Oldedalen

 

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg gjestar frå heile verda. God mat og drikke, overnatting i fjellstove, leiligheit eller hytte, fjellturar og eit innhaldsrikt suvenirhus gir deg gode minner frå Briksdalen.

Frå fjellstova er det ein om lag 3 km lang grusveg opp til breen. Stien er tilrettelagt for rullestol og barnevogn. Briksdalsbre Fjellstove er open frå mai til september.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

Rakssetra, Loen

Turen til Rakssetra startar på Oppheim mellom Stryn og Loen.(Parkeringsavgift)

I starten følger ein anleggsvegen mot Hoven før ein deretter tar til venstre og følger ein merka sti som fører til Rakssetra.

Her er det panoramautsikt til Olden og Loen. Ein treng ikkje alltid gå på dei høgaste toppane for dei store naturopplevingane! Berekna tid med ungar er ca 1 time

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

 

Tyvasetra / Haugasetra, Loen

Frå Loen sentrum ved Joker køyrer du forbi Hotell Alexandra, ca 2 km innover til Tjugen. Der er det stor parkeringsplass på høgre hand. P-avgift. Same startpunkt som for Skåla.

Området er godt skilta. Følg traktorveg. Etterkvart god sti.

Meir turinfo og Sjekk-UT finn de på UT.

 

 

Share article:
Share via email

See also

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member