Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage
Fellestur til Skavlabu med Nordhordland Turlag, 5.–6. juli 2024.

Årsmøte 18. februar 2026

Onsdag 18. februar kl. 18.00 - 20.00 vert det årsmøte for Nordhordland Turlag. Møtet vert halde på Ostereidet Kro, 2. etg.

Published: February 06, 2026
Written by: Jane Britt Daae
Article

Velkommen til årsmøte for driftsåret 2025!

Saksliste til årsmøtet: 

  1. Val av møteleiar, referent og medlemar til å signere på årsmøtereferatet
  2. Godkjenning av møteinnkalling
  3. Godkjenning av styret si årsmelding for 2025
  4. Godkjenning av rekneskap resultat - balanse - revisjonsberetning
  5. Godkjenning av budsjett 2026
  6. Val av styreleiar, styremedlemer og revisor
  7. Val av medlem til valkomiteen
  8. Informasjon om DNT og Bergen og Hordaland Turlag sine modellvedtekter

 

Vedtektene til Nordhordland Turlag finn du her.

Etter den formelle delen av årsmøtet vil styret dele ut Budeiedilten, og vi får bilde, film og forteljingar frå sti- og merkegruppa, DNT Tilrettelagt og dei frivillige i laget.


Vi vil servere eit enkelt, varmt måltid, kaffi og medlemsrekord-kake. For å bestille nok servering til alle er det fint om du melder deg på her.

 

 

 

Share article:
Share via email

See also

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget