Kvinnherad Fjelltrim
Kvinnherad Turlag, idrettslaga i Kvinnherad, Bedriftsidrettslaget Hydro Husnes og lokale bygdelag har lagt ut digital registrering og klyppetenger på 16 ulike turmål. Kommunen er inndelt i åtte ulike område med to turar i kvart av dei. Registrer deg på minst fem turmål. Då har du greid kravet til fullført fjelltrim!
Kvinnherad Fjelltrim 2026 har dei same 16 turmåla som tidlegare. Dette er eit årleg opplegg i regi av Kvinnherad Turlag. Tidsrom: 1. februar - 30. november.
Klippekort for dette trimopplegget finn du bak i turlaget sitt årsprogram: TA TUREN.
Alle turlagsmedlemmer får dette programmet, andre kan henta det på ein av SPORT1-butikkane, på biblioteket eller på turistinformasjonen.
Kravet for å få godkjent deltakinga er at ein besøkjer minimum 5 av dei 16 turmåla.
For deltaking/registrering i fjelltrimmen betalar du kr. 100,- ved levering av klippekort eller til Vipps 119219 når ein brukar appen UT. Det er premiering for antal år ein har fullført (5, 10, 15 og 20), samt premiering av dei yngste deltakarane.
I år kan ein også registrera seg på turmåla med appen UT. Då treng du ikkje levera klippekortet. UT-appen er heilt gratis, og tilgjengeleg både for Android og iPhone.
Steg 1: Last ned UT-appen. (NB: Det kjem ein ny versjon i månadsskiftet jan./febr.)
Steg 2: Registrer deg som brukar, eller logg inn dersom du har appen frå før.
Steg 3: Tillat stads-tilgang og posisjon. Dette gjer du første gong du tek appen i bruk, eller seinare i "Innstillingar" på telefonen.
Steg 4: Kvinnherad Fjelltrim med alle turmåla finn du med å søkje i "Utforsk" nederst i appen. Med å klikka deg inn på lista og følgje denne, vil du seinare få den opp under "Huskelister".
Steg 5: På turmålet:
1) Opne UT-appen, og gå til «Kart»-fana.
2) Aktiver «Turmål» og/eller «Hytter» i filteret øverst, då blir dei synlege i kartet.
3) Klikk på det aktuelle «Turmålet» og/eller «Hytta» du ønsker å SjekkeUT på.
4). Klikk på det grøne feltet/knappen «SjekkUT» til venstre over informasjonsboksen.
5) Etter inn-klikking kjem det opp: "Nå er besøket ditt registrert— gratulerer!"
6) Dersom du ynskjer det, kan du også skriva deg inn i gjesteboka der.
7) Besøket ditt er no lagra på profilen din. Gå til «Profil» i menyen nederst, og
til «Mine SjekkUT-besøk» dersom du vil sjå besøka dine.
UT-appen kan brukast til å finne turmål, hytter og stiar over heile landet, GOD TUR !
GOD TUR !
PS: Stiane til alle turmåla er merkte. Nærare omtale til desse og mange andre turmål i Kvinnherad finn du på https://www.dnt.no/dnt-der-du-er/BergenogHordalandTurlag/kvinnherad-turlag/turforslag-i-kvinnherad/
See also