Om Bømlo Turlag
Bømlo Turlag vart skipa i 2011, og er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag og Den Norske Turistforening. Turlaget har som føremål å stimulera til eit aktivt, sikkert og natuyrvennleg friluftsliv for alle. Laget har omlag 700 medlemmer lokalt.
Eit turtilbud for alle
Bømlo har ein variert og mild natur, med barmark nesten heile året. Hovudaktiviteten til turlaget er dei mange turane lokalt. Laget har tilbod til barn, ungdom, utviklingshemma og vaksne. Me innviterer også til lengre overnattingsturar både i fjellet og andre stader, der me oftast nyttar oss av DNT sine mange hytter . I tillegg har me ei rekkje arrangement og turmarsjer som 7/5-fjellstur, Bømlo på Langs, Opptur, Kom Deg Ut, osv.
Mange turglade deltar også i Bømlotrimmen og Familietrimmen, som via "appen" trimpoeng, frister med nye turmål og flotte premier kvar år. Utover turaktivitetar, har turlaget også lagt ned mykje arbeid med merking av stier og utvikling av ulike aktivitetsområde.
Kontakt oss
E-post: turlaget@haugnett.no
Styreleiar Nils Magne Helle, tilf 915 51 522
See also