Logo
Til DNT.no forside

Ti-topparen Kviteseid

Ti-topparen Kviteseid er eit samarbeid mellom Kviteseid Idrettsråd og Kviteseid Turlag.

Publisert: 27. november 2023
Artikkel

2024 vil vera fyrste året vi arrangerer Ti-topparen Kviteseid. Registreringsperiode vil væra 01. april - 09. september.

Ti-Topparen vil vere eit tilbod til turinteresserte i alle aldre, og er meint som eit trimopplegg for trivsel og velvære. 

Ti-topparen er gratis for alle som ynskjer å delta, men du kan støtte oss med medlemskap i DNT Kviteseid Turlag, bli grasrotandelgjevar eller vippse.

 

Vi vil ha fokus på sporlaus ferdsel

Vi understrekar at allemannsrett til fri ferdsel i utmark forplikter; vi har alle ei plikt til å ta vare på den naturen vi ferdast i. 
Når du er ute, er det viktig å ta vare på naturen og mangfaldet den representerer. Sporlaus ferdsel handlar om å ikkje etterlate seg meir enn sitt eige fotavtrykk i naturen. Ta omsyn til jordsmonn, myr, planter, dyr, fisk og fugl. Hugs at dersom du etterlater deg ting som ikkje høyrer heime i naturen, kan det skade både planter, dyr og menneske. Her er nokon hugsereglar på korleis du kan ferdast sporlaust i naturen:

- Etterlat staden finare enn då du kom, ta med eige og andre sitt søppel
- Dopapir/tørkepair: Er du på dagstur, tar du papiret med deg heim
- Brenn bål berre når det er lov, og bruk helst gamle bålplassar. Ikkje brenn bål på svaberg
- Ha hunden i band når det er bandtvang. Hundeposar skal alltid i restavfall
- Lat steinar ligge i fred. Ikkje bygg vardar eller flytt på steinar. Nye vardar kan villeie, og ein øydelegg urørd natur
- Ta med deg heim alt du tok med deg på tur.
- Ikkje øydelegge stigar ved sykling i utmark (spesielt sårbart ved myr/fuktig mark)
- Ta omsyn til jakt og unngå å forstyrre og ferdast der det er jakt

Informasjon om korleis ein deltar i Titopparen Kviteseid:
I oppstartsåret vil vi ha 10 ulike toppar fordelt på heile kommunen. Etter kvart vil vi kome med fleire nye toppar.

Premiering for 10 ulike toppar for vaksne, og 7 ulike toppar for barn. Du kan registrere turen din på skjemaet som du finn i brosjyra. Det blir lagt ut brosjyrar på Joker, Straand Hotel og Handelslaget cafe i Vrådal, Kiwi og Kviteseid Bok og Papir i Kviteseid, Morgedal Hotel og Norsk Skieventyr i Morgedal. Eller du kan laste ned brosjyra her. For å delta i konkurransen, må du fylle ut skjemaet og levere innan 23. september til Kviteseid Bok og Papir.

Årets logo er laga av Sonja Bakken Braun, og er motivet på premien.  

Kart og skildring av kvar topp finn du på denne nettsida, i UT-appen og informasjonsbrosjyre. Her finn du informasjon om kvar topp, samt ei beskriving av sjølve turen. Bruker du Ut-appen lager du ein brukarprofil, og kan i tillegg sjekke inn via SjekkUt når du kjem til toppen. 

Dette er årets toppar: 
1. Hægefjell             6. Næring
2. Roholtfjell            7. Brokefjell
3. Venelifjell             8. Kongsbergdam
4. Fagerliheii            9. Ordalsåta
5. Ånås                    10. Kastedalsskotet

Oversiktskart
Klikk deg inn på turmålet i lista nedanfor for å sjå info på Ut.no

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli DNT-medlem
Bli DNT-medlem