Logo
Til DNT.no forside

Bli frivillig i Kviteseid turlag

Liker du å gå tur i skog og hei?

Publisert: 05. mai 2023
Skrevet av: aeu
DNTs tilbud

Kvifor ikkje kombinere det med å bidra til betre stinett i Kviteseid?

Vi har behov for personar som kan tenke seg å væra med å vedlikehalde det eksisterande stinettet Kviteseid turlag har i kommunen. Det kan være alt frå å ha med seg ei lita hagesaks for å rydde litt langs stien man går, merking av stiane, eller til dei litt større oppgåvene som å legge klopper over myrer eller små bruer over bekker. Det hender og vi må rydde tre som har velta over stien.

Dersom dette høyres interessesant ut, ta kontakt med Aud på telefon 40215248, eller send ein e-post til kviteseid.turlag@dnt.no.

Du kan og melde deg inn i DNT Telemarks frivilligsystem her

Før hadde vi ei gruppe som heitte "Aktiv i 100". Dette var ei turgruppe for seniorar, ofte med turar på dagtid. Ta kontakt dersom nokon kunne tenke seg å væra med på å starte opp att denne gruppa.

Barnas Turlag og DNT junior har og behov for medhjelparar. Desse gruppene er eit samarbeid mellom Kviteseid og Seljord.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli DNT-medlem
Bli DNT-medlem