Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Sjekk inn med sjekkUT - 20 nye skilt på plass!

Published: May 19, 2026
Written by: Hege Mundal
News page
Photo: Knut Skurtveit

Indre Sunnfjord Turlag (IST) er i år med som SjekkUT‑pilot i samarbeid med UT-administrasjonen og turpartnar Norsk Tipping. Med støtte frå Norsk Tipping har målet vore å gjere SjekkUT meir synleg og få fleire ut på tur i nærmiljøet.

Prosjektet omfattar både digital registrering av turmål, fysisk merking og marknadsføring. Dei siste åra har vi lagt inn mange nye turar og SjekkUT‑punkt i UT, og i vårt område finn du no over 600 turmål digitalt.

Nytt i 2026 er at vi også har starta med fysisk merking. I Askvoll, Fjaler og Sunnfjord har vi i vår sett opp 20 skilt på utvalde nærturar. Skilta er små og diskrete, og er monterte på eksisterande bygningar eller stoplar.

Gjennom satsinga ønskjer DNT, saman med Norsk Tipping, å gjere det enklare å finne gode turopplevingar der folk bur. På tvers av ulike organisasjonar som merkar og vedlikeheld stiane, skal du finne enkel og gratis informasjon i UT om kvar du kan gå og kvar du kan parkere.

UT‑appen har òg fått fleire oppgraderingar i 2026. Det er både nytt utsjånad og utvida kartfunksjonalitet. Det skal vere endå enklare å halde oversikt og finne nye turmål. Mellom anna kan du no også spore eigne turar direkte i appen.👉 Les meir om kva som er nytt i UT appen og bruk av sjekk UT.

Vi håpar at endå fleire vil ta i bruk SjekkUT og UT, og bli inspirerte til gode naturopplevingar i nærmiljøet.

Desse turmåla har fått fysiske skilt med støtte frå Norsk Tipping

Eigne hytter

  • Massbu
  • Nipebu
  • Barnas Turlag sin Gapahuk i Askdalen

Dagsturhyttene

  • Fjellro, Jølster
  • Gapahuken ved Gytta, Førde
  • Skaraly, Gaular
  • Steinkorsen, Naustdal
  • Haugaro, Viksdalen
  • Vidsyn, Fjaler
  • Nykshytta, Askvoll

Andre Turmål

  • Kletten, Haugum i Førde
  • Torset, Fjaler
  • Tirsnova, Fjaler
  • Torvevatnet, Fjaler
  • Svistølen, Naustdal
  • Gygra, Jølster
  • Langeneset, Bekkjavatnet i Førde
  • Nordre Heia, Førde
  • Førdsnipa, Førde
  • Eikåsnipa, Førde


Visste du at Indre Sunnfjord Turlag nyttar sjekk UT i samband med turtrimkonkurransene TiTur Dalsfjorden og TiTur Sunnfjord? Her får du årlige tips til nye turmål å utforske. 

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member