Logo
Til DNT.no forside

Minimarsjen med Borna sitt Turlag

Eit nytt tilskot til Vossamarsjen er Minimarsjen til Torfinnsheim med Borna sitt Turlag. Dette er ein vesentleg kortare tur enn heile marsjen over Gråsida og turen passar soleis godt for barnefamiliar!

Publisert: 04. oktober 2023
Skrevet av: Margrethe Alm
DNTs tilbud

Hodnaberg - Torfinnsheim tur/retur

Laurdag 17. august 2024 arrangerer me på nytt Minimarsjen frå Hodnaberg til Torfinnsheim. Mesteparten av stigninga er i starten av turen, siste halvdel flatar det ut. Hausten 2022 vart deler av det brattaste partiet utbetra med sherpatrepper. Turen til Torfinnsheim er om lag 2 km ein veg og har totalt 300 høgdemeter. 

Ved hytta står representantar frå vår gode samarbeidspartnar, Voss Sparebank, klare med noko godt å drikka og noko søtt å eta. 

Turbo var på plass på Torfinnsheim i 2023. Kjem han i år også?

 

Ved Torfinnsheim blir det frileik og sosialt samvær før me går nedatt til Hodnaberg. 

Minimarsjen vert leia av turleiarar frå Borna sitt Turlag. Sjølv om det er 300 meter stigning og nokre bratte parti, er dette ein tur dei fleste klarar. Med god motivasjon frå kvarandre, natursti og litt godis på vegen, samt diplom på toppen kjem dette til å bli ein strålande dag saman. 

Natursti på vegen opp til toppen. Godt for motivasjonen! 

 

Diplom 

Alle borna som blir med får diplom på toppen

Ta med

Hugs gode sko, vass- og vindtette klede, lue og vottar, samt mat og drikke for dagen. 

Praktisk informasjon

Snart på toppen! Og der ventar sjølvaste Turbo!

 

  • Dato: Laurdag 17. august 2024
  • Buss: Det går buss frå Holbergsplass kl. 10.30, med retur frå Hodnaberg om lag kl. 15.30.
  • Privatbilar: Dersom de vel å køyra privatbilar oppmodar me til samkøyring. Det er mykje aktivitet og bilar ved Hodnaberg, så vêr obs på korleis du parkerar slik at det vert plass til flest mogleg og at ein ikkje stengjer nokon inne. Om ein køyrer privatbilar, er det oppmøte kl. 11.00 på Hodnaberg. 

Hugs at på alle arrangement i regi av Borna sitt Turlag har foreldra ansvar for borna sine.

Arrangementet er gratis og ein treng ikkje vera medlem i DNT/Voss Utferdslag for å vera med. Hald av datoen allereie no!  

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag