Logo
Til DNT.no forside

Fjellspringing under Vossamarsjen

Under Vossamarsjen 17. august kan du også springa over det flotte høgfjellsterrenget på Gråsida. Springinga er ikkje lagt opp som ein konkurranse med tidtaking - her står meistringskjensla, det sosiale og naturopplevingane i fokus. 

Publisert: 04. oktober 2023
Skrevet av: Margrethe Alm
DNTs tilbud

Du står sjølvsagt fritt til å konkurrera mot deg sjølv eller du kan springa saman med vener.

Meld deg på her

Trasè

I 2023 var 45 deltakarar med på fjellspringinga under Vossamarsjen. Me vonar mange vert med i 2024!


Stien er omkransa av bratte skogkledde lier i nord og aust. Den mest kjende turistattraksjonen på turen er Timaglaset, ein stor stein som balanserer på glatt fjell, tilsynelatande i evig kamp mot tyngdekreftene. Fjellandskapet ein går gjennom denne dagen er vilt, vakkert og varierande. Frå Hodnaberg gjennom bjørkelier, over lyng og snaufjell tilbake til Voss.

Start frå Hodnaberg, på den T-merka ruta via Torfinnsheim – Timaglaset – Gråsidetoppen – Roset, med målgang på Gjelle.

Fem bemanna sjekkpunkt

Fredrik Fjose på veg opp til Torfinnsheim! 


Fjellspringinga har fem bemanna sjekkpunkt. Det vert ekstra god stemning på Torfinnsheim med servering av mat og drikke. 

Mat, drikke og trekkepremiar ved målgang på Gjelle


Ved målpassering vert det varm mat og drikke til alle, alle deltakarane får eit minne frå Vossamarsjen  og det vert flotte premiar trekt på startnummer.

Ta med

-Vindtett jakke, bukse, vottar/hanskar og hals i sekken. Me anbefalar også ei ekstra ullundertrøye i sekken.
- Vel også joggesko som er eigna for å springa i fjellet og ta med godt med ernæring.

På veg ned mot Gjelle

 

Praktisk info

- Registrering på Holbergsplassen v/Park Hotel frå kl. 07.00 - 10.15. Her får de startkort og anna praktisk informasjon. 
- Buss til Hodnaberg kl. 10.30
- Maks antal: 45 pers
- Returbuss frå Gjelle mellom kl. 14.30 til om lag kl. 19.00, dersom de ikkje vil springa heim.

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag