Logo
Til DNT.no forside
Sommer 2019.

DNT Ung Voss

DNT Ung Voss er for alle mellom 13 - 25 år. Me arrangerer eit mangfald av aktivitetar og arrangement for ungdom og unge vaksne.

Publisert: 03. april 2024
DNTs tilbud

Me er i gang med å laga eit spanande program for ungdom i regionen vår. Programmet inneheld eit mangfald av ulike friluftsaktivitetar – alle med naturen som arena for meistring.

I juni lanserer me konseptet "Bøttelista"

I juni lanserer me eit heilt nytt sjølvgåande lågterskelkonsept, "Bøttelista", for ungdom. Dette består av 50 aktivitetar som kan ungdomar gjera gjennom heile sumaren/delar av hausten, før me skal ha ei kjekk og sosial avslutningssamling.

Her kan ungdomar plukka ulike aktivitetar og gjera dette på eigenhand, med vener eller familie. Det er alt frå hengekøyetur til bading i fjellvatn, grønsaksdyrking, solnedgangsturar, sykkelturar i enkelt skogsterreng med meir. Aktivitetane krev ikkje forkunnskap og avansert utstyr, det er gratis å delta og alle i aldersgruppa 13 - 25 år kan vera med. Det vert flotte trekkepremiar på avslutningssamlinga i haust! 

Meir informasjon om det nye konseptet kjem! 

Veiviserprisen 2024
I år fekk DNT Ung Voss, med Erlend Rong Næss i spissen, Veiviserprisen. Dette er ein pris som DNT Ung deler ut kvart år og går til ei gruppe eller eit lag som har utmerka seg som eit førebilete for andre. DNT Ung Voss har spanande planar på gang og det er veldig kjekt at arbeidet som vert lagt ned blir verdsett.

Har du lyst til å bidra på aktivitetane våre, eller har du andre spørsmål?
Kontakt gjerne leiar for DNT Ung Voss, Erlend Rong Næss på tlf 95 93 17 31

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag