Logo
Til DNT.no forside

Borna sitt Turlag Voss

Borna sitt Turlag, har som målsetting å legge til rette for turar og friluftsaktivitetar for born mellom 0 og 12 år. 

Publisert: 04. oktober 2023
Skrevet av: Margrethe Alm
DNTs tilbud

 

Me ynskjer å bidra til varige og positive haldningar til naturen gjennom leik og sosialt samspel. Turane er opne for foreldre/føresette, sysken, besteforeldre og andre interesserte.

Frå Kom deg ut-dagen vinteren 2023

 

 

Det skal være låg terskel for å bli med på turane våre, og innflyttarar og familiar med lite nettverk er særskilt velkomne.  På turane går me til fots, me padlar i kano, syklar, er kanskje utkledde, på skattejakt, og lærer om naturen og kva den har å by på.

Fjelltur og yoga med dei eldste borna i august 2023

 

Me har i tillegg eit trilleturlag med eige turprogram som går på tur med vogn, pulk eller bæremeis/ bæresele. 

"Klart det går - friluftsliv for alle" er no ein del av Borna sitt Turlag. Kvart år vil me leggja til rette for aktivitetar i naturen for alle. På programmet her skal det være turar og arrangement som også dei som ikkje vil eller kan gå så langt kan delta på.

Turbo dukkar opp på mange av arranementa våre! 

 

Gjennom året vil me ta med andre ut i naturen for felles samvær. Gjerne med ein god matbit, litt leik, og prøving av aktivitetar. Eit tilbod for heile familien, liten og stor, sprek og mindre sprek.

Alle er velkomen!

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag