Logo
Til DNT.no forside

Flotte haustturar med familien

Eit fargerikt teppe legg seg over naturen, lufta er frisk og fjella byr opp til dans. Me snakkar sjølvsagt om hausten. Årstida som er finast til fjells. Store naturopplevingar. Frost på bakken. Varm kakao i koppen og kvilepuls i sjela. Her er tre tips til flotte turar!

Publisert: 05. mai 2023
Skrevet av: Margrethe Alm
Inspirasjon

Hytte til hytte frå Engjaland til Afdal

På denne turen, som går i fjella nord for Vangsvatnet, får du variert terreng, gode fiskevatn, fossefall, nydeleg utsikt og tre fine hytter med kvar sitt særpreg.  Dagsetappane er mellom 4 og 12 km -  turen passar såleis godt for familiar som ynskjer ein aktiv haustferie med fjellsko på beina.

Dag 1: Engjaland – Torvedalshytta (10 km)
Ved bomvegen til stølen Reppane på Engjaland startar turen. Etter ein bratt stigning opp Reppabotn kjem du til Mykjadalsvatnet, som byr på frisk vading over elva i utløpsosen. Vidare går ein ned Strupen til dei to hyttebygga, som ligg fint til på halvøya ut mot Torvedalsvatnet (800 moh). Vel framme på hytta, er det alltid like spanande å sjå kva skattar ein kan finna på proviantlageret. Her kan du kjøpa både middag og frukost, og er du klar for dessert finn du truleg klassikaren fruktcoctail i hyllene! 

Dag 2: Torvedalshytta – Volahytta (12 km)
Etter ein god frukost ventar den lengste etappen på turen. Stien går i fint terreng forbi Kvitanosstølen og opp Kvitanosdalen. Mot vest ser du Kvitanosi (1433 moh), det høgaste fjellet i Stølsheimen. Vidare fylgjer du Sødalseggi til Høgevarde, ned Borgadalen og rett sørover langs Borgavotni. Dei to hyttene finn du i austenden av Stora Volavatnet, ved ein vakker foss frå Nedsta Piksvatnet/Borgavotni.

Det er kun 1,5 kilometer til Volahytta frå Voladammen. Perfekt for barnefamiliar
Volahytta er ei av dei mest barnevenlege hyttene til Voss Utferdslag. Hytta ligg kun 1,5 km frå Voladammen. Foto: Margrethe Alm 

 

Også denne hytta er ei sjølvbeteningshytte med matlager der ein kan kjøpa proviant til alle måltid. Avslutt dagen med ein god middag, fyr i omnen og eit slag kort med borna.

Dag 3: Volahytta – Tvinnestølen (4-6 km)

Prøv fiskelukka i Stora Volavatnet
Prøv fiskelukka i Stora Volavatnet. Foto: Margrethe Alm 

 

Etappen til Tvinnestølen er kort, så denne dagen kan ein berre nyta. Lag pannekaker til frukost og prøv fiskelukka i Stora Volavatnet før de knyt på dykk skoa og går vidare mot Tvinnestølen. Turen går langsmed Nedsta Piksvatnet og vidare forbi Mevatnet. Når ein kjem opp på høgda over Øvsta Piksvatnet ser ein ned på dei to ubetente hyttebygga ved Tvinnestølen. Den minste hytta er eit gamalt sjarmerande stølshus; eit sel. Ved sida av selet ligg Voss Utferdslag si splitter nye hytte, som opna hausten 2021. Ho står der og ventar tolmodig på deg, klar for å gje deg varme etter ein innhaldsrik dag i vakker vestlandsnatur.

Dag 4: Tvinnestølen – Afdal (10 km)
Siste etappe går ned Tvinnekleivane til Preststølen, og vidare langs elva forbi Breifossen til Afdal. Hugs å sjå deg rundt når du forlet Tvinnestølen, det er eit rikt dyreliv i området.  

Fjordutsikt frå Karaldenuten (1295 moh)

Denne perla av ein fjelltopp finn du ytst på Bordalen, heilt sør i Voss herad. Køyr til Voss fjellstove Rongastovo, og parker bilen her (p-avgift). Når du står på Rong ser du fjellet Herdabreia til venstre og Karaldenuten til høgre. Fylg T-merkinga opp grusvegen til Løkjane og hald fram på god sti til Grunganevatnet. Rett før vatnet forlet du T-merkinga, vadar over elva under demninga og held fram på stien som er godt varda.

Herifrå går det bratt oppover snaufjellet i omlag 700 høgdemeter, men du får verkeleg løn for strevet på toppen av Karaldenuten. Her får du ei panoramautsikt over Hardangerfjorden, med Folgefonna rett bak, Oksen mot søraust og Grimsnuten i sør. Returen går same veg attende til bilen

Kolingseggi – for heile familien

Kolingseggi er ein kort og fin fjelltur i kupert og lettgått terreng, med flott utsikt mot Lønahorgi, Lønavatnet og Raundalsryggen. Køyr til Lemme og vidare opp stølsvegen til Liaset (p-avgift). Fylg den T-merka stien forbi Liaset og opp til elva frå Krokasetvatnet. Ynskjer du å telta, finn du fine plassar ved vatnet, ein kort avstikkar frå stien.

Vidare går du opp siste kneika til toppen som ligg 941 moh. Her er det berre å nyta den fine utsikta i alle himmelretningar før de returnerer tilbake same veg til Liaset, eller fylgjer ein alternativ sti som går vest for den T-merka stien.  

God tur!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag