Logo
Til DNT.no forside
Utsikt frå Voldedalen til Aurlandsvangen og Flåm

Bakketrimmen

Kom og bli med på Bakketrimmen.

Publisert: 19. februar 2024
Om DNT

 

Bakketrimmen 2024 er eit lågterskeltilbod for deg som likar kortare turar i nærmiljøet. Det er  postar spreidd rundt i grendene i kommunen. Bakketrimmen 2024 varer frå

08.januar til 15. november.

Til deg som er medlem av Aurland Turlag/DNT: Du betalar ikkje for å delta i Bakketrimmen 2024. Medlemskapet dekker deltakaravgifta og klyppekort for den som ynskjer det

Til deg som ikkje er medlem av Aurland Turlag/DNT: Du er velkommen til å delta i Bakketrimmen 2024. Du betaler 50 kr (100 kr for familie) på Vipps til Aurland Turlag. Ynskjer du klyppekort koster eit kort 5 kr, til barn gratis. Send e-post til Aurland.turlag@dnt.no med info om betalinga for Bakketrimmen 2024, skriv namn, og i tillegg alder for dei som er fødd i 2012 eller seinare.

Dei 12 postane er:
·       Stølen Berg i Aurland. Går opp ved sida av Turlidfossen

·       Dagsturhytta Vinjaåsen. Merka sti frå Hopen/ Aurland Barne og Ungdomskule

·       Oppå Brekkefossen (Fossen) i Flåm. Du går forbi Raokjeen. Den kjende utsikten.

·       Halvegs-almen i oppstigninga til Rimstigen. Bakka

·       Middberg i Vassbygdi. Sti mot Kvittingane frå vegen til Midje

·       Enne på veg opp mot Hovdungo i Undredal

·       Middagsholten. Er eit utsiktspunkt. Går frå Vikesland til sele og til Middagsholten.

·       Hovdongo i Aurland. Går frå Vikesland

·       Joasete. Går frå Vikesland.

·       Stokko. Går frå Underdal

·       Klantadokki, Blåfjell skytebane. Går frå Volda, Aurlandsvangen eller Høydalen. Her må du sjå etter Raudt flagg i flaggstanga. Er det Raudt flagg har skyttarlaget skyting. Då går me ikkje der.

·       Røyrgrindsvarden (Prest). Går frå parkering Bjørgo eller brua på Kvammadal.

 

Reglar:
1.     Du må innom 5 av dei 12 postane minst ein gong. Dette gjeld ikkje barn fødd i 20011 eller seinare.

 

2.     Du må ha 25 innsjekkingar til saman på alle postane. Barn fødd i 2012 eller seinare, må ha 10 innsjekkingar.

 

Registrering: Du registrerer innsjekkinga ved hjelp av appen UT.no. Appen er gratis og tilgjengeleg i Appstore og Google Play, meir info her . Du må registrera deg før du tek han i bruk. Med appen sjekkar du inn digitalt på turposten med mobiltelefonen din. Dersom du heller ønskjer å ha klippekort, kontakt Kari Johnsen 976 64 401, Unni Grønsberg 93499243 eller Rådhuset i Aurland.

Premie: Alle som har klart målet og betalt deltakaravgift, er med i trekninga av 3 Ambassadørkort 2024 på Flåmsbana og eit gåvekort på Huldra Husflid og kunsthandverk til ein verdi av 1000 kr. Alle barna får kvar sin kinobillett i Trudvang Kino og ei overrasking. Dei heldige vinnarane vert trekt ut på årsmøtet i november.

Skrive ut reglane PDF

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem